Sport | 04. juni 2011

Jentene i sanden

Sol, sand, smil, latter og musikk var viktige ingrediensar då jentene til Os debuterte i beach-handball.

Jentene i sanden
Andris Hamrelaurdag 04. juni 2011 10:25

I helga blir regionsmeisterskapen i beach-handball arrangert på sanden i Kjøkkelvik og på Sotra. For første gong i historia stiller Os Turn lag i denne sommmarlege turneringa.

- Dette hadde vi aldri prøvd før, så vi tenkte det kunne vera ei kjekk oppleving for jentene, fortel lagleiar Torbjørg Brattabø.

Os stiller to lag i J16-klassen. Fredag var dei første jentene sving.

Høg musikk og tempo

Beach-handball blir naturlegvis spelt i sand. Banen er mykje mindre enn ein vanleg handballbane (omlag 20x10 meter) og det er berre 4 spelarar på banen samstundes.

Ein viktig ingrediens er høg musikk og engasjert speaker. Dermed klarer òg jentene å halda trøkket oppe.

- Det var utruleg tungt å løpa fram og tilbake i sanden når du er keepererstattar, fortel Vilde Brattabø mellom slaga.

Det er nemleg ein annan viktig forskjell frå vanleg handball. Keeperen kan du bytta med ein utespelar kvar gong laget vinn ballen. Og ikkje berre det, skårar keepererstattaren så tel det som to mål.

Keeper-Eva toppskårar

Ei ulempe med å byta keeper med ein utespelar kan vera at keeparen ikkje rekk å koma tilbake i mål når laget misser eller skårar i angrep, for avkast bryr ein seg ikkje om. Dermed får trenarane ein ekstra taktisk dimensjon å tenkja på.

Oskeeper Eva Kristiansen sette nok ekstra press på motstanderane sine trenarar. Med rask reaksjonsevne såg ho stadig at motstandermålet sto tomt når ho vann ballen og smelte den direkte i mål frå eigen målgard. Noko som gav Osjentene ekstrapoeng og gjorde Eva til kveldens toppskårar på Os-laget.

Solo mot keeper

Kampane blir spelt over to omgangar, men måltavla blir nullstilt i pausen. Det er difor om å gjera å vinne begge omgangane. Om laga vinn kvar sin omgang må det straffekonkurranse til. Men heller ikkje den går føre seg på tradisjonelt vis.

Straffeskyttaren startar i eigen målgard, kastar ballen til keeper, løper over banen og får ballen igjen for å setja den i mål.

Dei to kampane Os-jentene tapte skjedde nettopp på denne måten. Langpasninga sat ikkje heilt som den skulle og dermed missa osspelarene sjansen til å skåra.

- Det var litt kiipt, men samstundes var det utruleg artig. Vi håper fleire Os-lag blir med til neste år, smiler jentene.

Os vann to kampar og tapte to på solo mot keeper og er dermed ute av turneringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.