Onsdag rundt klokka 11.35 kom det melding om utforkjøring på Lepsøyvegen.
Førar og passasjer, to unge kvinner, kom seg ikkje ut av bilen, som låg velta ut på eit jorde ved krysset mellom Lepsøyvegen og Nordstølen (vegen inn til Ravneberghaugen).
– Dei fekk hjelp av brannvesenet til å koma seg ut.
– Begge framstår som uskadd, opplyser politiet på staden.
Trafikken gjekk fint forbi ulykkesstaden.
Årsaka til ulykka er uviss, men det har sludda og snødd litt i Os den siste timen og det har vore glatt enkelte stadar.
Politiet har ikkje mistanke om promille.