Næringsliv | 13. feb. 2020

Jobbar gjennom helga for å opna etter ekstremfloa

Må skifta golv og nedste del av alle veggar.

Jobbar gjennom helga for å opna etter ekstremfloa
Sånn såg det ut i Brugata måndag kveld. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. feb. 2020 12:41

Måndag kveld var det ekstremflo i Os, ifølgje fleire eldre vitne den høgaste på over 60 år.

I Os sentrum kom fjord og elv inn i Brugata, der Osøyro Kolonial sin kjellar blei fylt med vatn og det nyoppussa treningssenteret Aktiv365 fekk vatn rundt 15 cmopp på veggane.

Sidan har treningssenteret vore stengt, men med tilgang for dei rundt 500 medlemmane i Os på fleire senter i Fana.

– Medlemmane har vore fantastiske, og vist stor forståing for situasjonen vi hamna i. Fleire av dei har halde formen på Paradis, Sandsli eller andre av plassane vi er etablert, seier Tor Fredrik Kayser Berg frå Aktiv365-kjeda.

No er det klart kor tid dei opnar igjen.

– Det har vore travle dagar denne veka, og mykje arbeid gjenstår, men vi klarer å opna dørene igjen måndag morgon.

Handverkarar skal jobba helga gjennom, og skal halda fra med noko arbeid utover i veka, utan at dette skal hindra medlemmane i å trena.

Senteret, som opna i 2014, var nyoppussa tre veker før Oselvo kom inn dørene.

– Vi må skifta alt golv, både fliser og laminat er rive vekk. Nedste 50 cm av alle veggar må òg byggast på nytt, i tillegg til at store delar av elektrisk anlegg blir skifta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.