Lokal | 02. feb. 2014

Jobbar for tverrsamband

Hordaland Frp ber i resolusjon vedtatt på årsmøtet i helga om at tverrsamband til Austevoll, Fusa og Kvinnherad blir innarbeidd som del av totalprosjektet Aksdal-Bergen.

Jobbar for tverrsamband
Ei eldre skisse av bru over Bjørnafjorden, men med bru til Austevoll teikna inn. (Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 02. feb. 2014 21:22

I samband med arbeidet med ferjefri E39, Hordfast, traseen Aksdal-Bergen, vil Hordaland Frp jobba for at fleire tverrsamband blir tatt med i totalprosjektet.

Hordaland Frp viser til samferdselsministeren sitt val av midtre trasé med kryssing av Bjørnafjorden som korridor for ferjefri E39 gjennom Hordaland.

– Prosjektet har stor samfunnsnytte, og vil binda saman arbeidsmarknadane i Sunnhordland og bergensregionen.

Vil kopla nabaokommunane på

– Endå større nytte vil prosjektet få om også kommunane Austevoll, Kvinnherad og Fusa blir knytt til E39 gjennom gode tverrsamband, seier gruppeleiar og Os-ordførar Terje Søviknes.

I det videre planarbeidet ber Hordaland Frp om at tverrsambanda frå E39 mot vest med bru Rekstern-Austevoll, samband til Kvinnherad og mot aust med bru Os-Fusa blir innarbeidd som ein del av totalprosjektet Fergefri E39 Aksdal-Bergen.

Plassering av brua

– Vi vil jobba for at Langenuen blir kryssa i sør mellom Jektevik (Stord) og Hodnanes (Tysnes), seier Søviknes.

– Det er også viktig at ilandføring av Bjørnefjordsbrua på Os skjer på en måte som ikke skaper for store konfliktar i forhold til regionale natur- og friluftsverdiar i Os-skjergarden. Os kommune har i sine vedtak gått inn for ilandføring i Bjørnatrynet, med miljøtunnel vidare til Moberg/Svegatjørn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.