Sport | 12. nov. 2021

Ein bauta har lagt inn årane

Den sterke og muntre atleten John Lepsøy blei 88 år.

Ein bauta har lagt inn årane
John i robåten sin, her i mars 2013, då han fylte 80 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. nov. 2021 13:23

«Ein båt eller bil kan vera bygd for fart. John er bygd for idrett» skreiv Os Turnforening i jubileumsboka frå 100-årsdagen i 2005.

Fredag morgon sovna han inn.

John, som fylte 88 år i mars, etterlet seg kona Margun, sonen Jon-Terje, døtrene Lise og Ragnhild og åtte barnebarn.

Midtsiden informerer om dødsfallet etter samtykke frå familien.

Sterk til det siste

Mannen med dei mange klubbrekordane i friidrett, som rakk og spela rundt 400 kampar som keeper for A-laget til Os, fekk ein aktiv alderdom.

I fjor haust var vi med han på hummerfiske. John spøkte mens han rodde ut til teinene. Roturen gjekk like gjerne frå Geitarøya ved Lepsøy, der han vaks opp, til Os, etter fylte 85.

Det vart fin fangst på John Lepsøy under dagens hummarfiske i hamnebassenget. Foto: Ørjan Håland
Les ògPå hummarfiske med John Lepsøy (87)

Det er heller ikkje lenge sidan John sist viste at han kunne stå i mål.

Hassan el Fakiri skaut «sitt beste skot i karriera» på tampen av ein showkamp på Kuventræ for fire år sidan. Lepsøy låg langstrak opp i kryssen og tok ei avgjerande redning.

Les òg– Det beste skotet i karriera

Han var sterk, sprek og munter til det siste, men blei gradvis svekka av sjukdom det siste året.

John sovna inn på Luranetunet fredag morgon, etter rundt to månadar på sjukeheim.

Dato for gravferd er foreløpig ikkje bestemt, men blir annonser på heimesidene til Os Gravferdsbyrå over helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.