Kultur | 18. nov. 2011

Joker for sal

På 13 år har Duddun Lindborg nesten tredobla omsetnaden på Søfteland. No vil ho selja butikken.

Joker for sal
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. nov. 2011 21:25

– Vi har hatt ei veldig fin tid i butikken, med kundane og ikkje minst oss i familien saman. Då eg starta var ungane små, og det å vera kjøpmann let seg fint kombinera med travelt familieliv, seier Duddun.

Mia, Andreas og William har ikkje berre vore til hjelp, i nyare tid har ungane vore med og drive butikken, med nyutdanna William i spissen som butikksjef.

– Men no har William fått ny jobb i Bergen, i tillegg bur også Mia og Andreas i by'n. For meg å koma tilbake og driva butikken åleine er ikkje det same, så eg trur tida er rett for eit eigarbyte.

Denne veka blei butikken lagt ut for sal.

13 år med god vekst

Gudrun "Duddun" Elisabeth Sandven Lindborg byrja å jobba på Joker Søfteland i 1991. I 1998 kjøpte ho butikken av Inge Birkeland, som i dag er kjedesjef i Joker, og i 2006 kjøpte ho også butikkbygningen, som Karl-Egil Johannessen eigde.

– Utviklinga har vore god. Då eg overtok var den årlege omsetnaden på cirka 6 millionar kroner, no er den på rundt 16 millionar.

– Men det har aldri vore sånn at vi har tatt utbyte. Når vi har hatt litt ekstra midlar så har det gått med til gradvis oppgradering. Framover vil det nok likevel ikkje vera vanskeleg å driva butikken med overskot, anten vi får selt eller driv vidare sjølv.

I 2007 blei butikken utvida med eige kjøkken, fetter og kokk Kenneth Milde bak disken, og fersk varmmat og catering som nye, populære tilbod.

Les òg: Delikat pitstop

– Såg aldri på klokka

William tok bachelorgrad i økonomi og administrasjon i Sogndal før han kom heim og overtok som butikksjef. Det skulle vera ein kort periode, men enda med å bli nokre år.

– Mannen min Alf blei alvorleg sjuk, og eg heldt meg heime med han den siste tida medan William styrte butikken.

William var til stor hjelp i ei tung tid for familien. Medan mor og far var heime hadde William saman med hjelp frå bror og søster Andreas og Mia kontroll på handelen.

– Det var naturleg å hjelpa til og butikken kjente eg godt frå før, eg hadde jo vore der sidan eg var liten, seier William.

– Nærbutikk er veldig sosialt, med kjekke sambygdingar som kjem innom og forbipasserande som tar eit pitstop for god lunsj. Dagane gjekk fort og eg såg aldri på klokka.

Meir musikk

William og Andreas Lindborg er brørne bak festivalsuksessen Søfteland Rock N LoL. Med arrangementsjobbinga har det følgt både interesse og erfaring innan fleire kategoriar av festivalfaget, og brørne har i ulike samanhengar tatt på seg oppgåver knytta til festivalar og konsertar i Bergen.

– Eg jobbar som sjølvstendig næringsdrivande, men leiger meg ut til Hundvin Management, eit selskap som driv kantine og garderobeservice for fleire store arrangørar i Noreg, fortel William om sin nye jobb.

– Oppgåvene er ganske like som under Rock N LoL, bortsett frå at eg i denne jobben ikkje har alle dei andre oppgåvene i tillegg.

Også Andreas, som held på med same studie som storebroren, er ofte med på oppdrag.

– No går det i musikk, konsertar og artistpleie året rundt, ein spennande bransje der vi treff mange kjekke folk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.