Sport | 07. nov. 2009

- Jørgen imponerer meg

Os hamna under til pause, men klarte å snu kampen i 2. omgang. Jørgen Wold blei toppskårar i kampen mot BSI.

- Jørgen imponerer meg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. nov. 2009 20:04

Handballherrane står etter fire kampar framleis utan tap. I dag vann dei med to mål på heimebane etter å ha lagt under med to mål til pause.

- Det var jamt heilt til vi fekk Einar utvist, då drog dei litt ifrå, seier trenar Andris Hamre.

Heimelaget måtte klara seg utan Ove Lyssand, men dametrenarane Kenneth Husebø og Erlend Lyssand var med på å få Os til å ta 3. plassen frå dagens sterke motstandar.

Rutine + talent
Erlend har ikkje trent sjølv på 1,5 år, men blei med sin rutine og aggressivitet viktig for å halda oppe gutsen i den tette kampen.

- Det var kjekt å spela igjen, og positivt å sjå kor godt fleire av dei unge spelarane har utvikla seg, seier Erlend.

Komisk
Sjølv putta han to mål, det siste var også kampens siste. Medan han skåra lo han så høgt at ein kunne høyra han på tribunen.

- Det var ein som prøvde å halda meg igjen, men det var så lett å koma seg laus at eg syntes det var komisk der og då.

Takkar Einar og Jørgen
Lyssand meiner felles god innsats og ekstrem god keeper gjorde at det blei siger i dag.

- Einar var truleg divisjonens beste keeper då vi spelte i 2. divisjon, og han er endå meir suveren no i 3. divisjon. Samstundes må eg seia at Jørgen Wold har blitt imponerande god.

12. minutt ut i 2. omgang hadde Os henta seg inn igjen. Då kampen blei blåst av sto det 26-24 til heimelaget.

Kampfakta: Os - BSI 26 - 24 (12 -14)
Utvisningar: Os 2 x 2 min, BSI 1 x 2 min
Tilskodarar: 92
Os sitt lag: Einar Godø. Erlend Lyssand (2), Øystein Skarding, Joachim Blostrupmoen, Jørgen Wold (7), Øystein Vindenes (1), Kristian Bruarøy (4), Charles Withley, Erik Vågen, Fredrik Andresen (3), Stian Hjertholm (5), Kenneth Husebø (3)
Les meir om kampen på osturn.no/handball

Os spelar neste kamp på bortebane mot Årstad på 8. plass 22. november. Så følgjer yttarlegare to bortekampar før heimekamp mot Gloppen 12. desember.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.