Os Frivilligsentral 10 år

Jublande frivilligfest

Os frivilligsentral feira 10 år (og opninga) med ein heidundrande festframsyning i Oseana.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Med kulturtrioen Tove Hille, Stine Kobbeltvedt og Kjetil Osblod Grønvigh bak spakene, manus og regien måtte det berre gå éin veg - til topps, då frivilligsentralen feira seg sjølv med festframsyning i Oseana torsdag ettermiddag.

– Vi hadde eigentleg tenkt å ha ein opningsfest då vi starta for ti år sidan, men med eit kontor på seks kvadratmeter blei det aldri noko av. Så i kveld er de invitert til både opningsfest og 10-årsfest.

– I kveld feirar vi dykk, jubla Tove Hille, som saman med Stine Kobbeltvedt leia dei 430 tilhøyrarane gjennom eit variert, humoristisk, musikalsk og fartsfylt program.

Samkøyrd duo

At programleiarduoen er eit samkøyrd par, er det heller ikkje tvil om. På kvar sin ferie, på to ulike stadar i Spania, presterte dei å kjøpa like, fargerike sko. Like stolte kom dei tilbake på kontoret for å visa dei fram.

– Og det på same dag! Dei måtte jo berre bli del av uniformen vår, lo Tove Hille (skoa ser du forøvrig i bildeserien over).

Tett med artistar

Til programmet, som berre besto av frivillige, har arrangørane fått med seg ei lang rekke lokale artistar.

Der var Fonos, Eirik Søfteland, Gina Aspenes, Os spelemannslag, Os Mannskor, Os Swingklubb, Knut Vidar Garlid, Øyvind Gjerde, Inge Hjertaas, Tom Erik Hennes, Olav Skorpen, Hans Marius Johnsen og Kjersti Anthun.

7200 timar

Ordførar Marie Bruarøy, som ikkje berre heidra dei frivillige, men òg var forsongar i avsluttingsnummeret - Ossongen, let seg imponera.

– Utan frivilligheita hadde samfunnet kollapsa. Ikkje berre det, men denne framsyninga er eit døme på det frivilligheiten gjev - samhald, helse og glede.

– Denne festframsyninga er for dykk, og eit strålande eksempel på kva ein kan skapa i lag, sa Bruarøy, som trekte fram at frivilligsentralen i 2016 leverte 7200 frivilligheitstimar og engasjerte 110 frivillige.

Fleire saker