Kultur | 05. jan. 2020

The Juice Crew lager show med dansarar frå Os

Den kjente dansegruppa i intens øving på Haugland før show i Fana og Oseana.

The Juice Crew lager show med dansarar frå Os
F.v.: Frank, Daniel, Raid, Steffen og Rakiss på øving i ungdomshuset på Haugland fredag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. jan. 2020 21:25

«Se meg» er tittelen på ein danseframsyning som kjem til Oseana i slutten av januar. Til helga er det premiere i Fana Kulturhus.

– Vi har gått med ideen ei stund, men fekk først byrja å planlegga showet no i haust, seier Raid Al-Idani.

Raid er medlem av The Juice Crew, som blant anna var i finalen i Norske Talenter i 2014 og i Mitt dansecrew i 2016. 3 av 4 medlemmar i Juice hadde sjanse å delta i dette stykket, i tillegg har vi supplert med tre dansarar frå Os og Bergen.

Dei tre lokale dansarane er Frank Johnsen, kjent frå Mixmaster Cru, og brørne Daniel og Steffen Fagerlid Andreasson frå Søre Neset ungdomslag si dansegruppe.

Daniel har sjølv gjort god figur på Norske Talenter, og har dansa og trent med Mixmaster Crew fleire omgangar. Steffen, som fyller 18 i år, er den to år yngre veslebroren som har dansa i Daniel sine fotspor omtrent sidan start.

– Eit fantastisk miljø på Søre Neset

Torsdag kom Raid Al-Idani og Rakiss Khati til Os for å øva. Moh Dasoki og Narkesha Alfanta deltar òg på showet.

– Vi har hatt kontakt med både Frank, Daniel og resten dansegruppa på Søre Neset før, blant anna hadde vi workshop her før jul. Ørjan og kona Nina er heilt fantastiske, dei ordnar alt for oss, frå booking til øving og overnatting, seier Raid om brørne Andreasson sine foreldre.

No er det øving i ungdomshuset på Haugland, det ungdomslaget frå før har rundt 115 dansarar frå 3 til 16 år i alder.

• Video: Søre Neset si danseframsyning i Oseana i 2018

Når mobilen blir «bestevennen» din

Dei er raske, skarpe og synkrone, The Juice Crew. Sånn reagerte Norske Talenter-juryen på første audition (YouTube).

I Fana og Oseana får vi 45 minutt med intens og detaljrik dans - og showet har ein bodskap.

– Vi høyrer stadig om ungdom som måler sin eigen popularitet, eller mangel på denne, i «likes» i sosiale media. Og vi har vel alle ein i venegjengen som trekk seg litt tilbake når ein gjeng er saman, ein som gøymer seg litt vekk for å tasta på mobiltelefonen.

– Denne venen kan vera einsam, og mobiltelefonen blir som ein falsk bestevenn, ein stad å flykta til. Legg heller frå deg telefonen, lat folk sjå deg!

– Med dans, og med ein tekst som blir lese mens vi dansar (voiceover), vil vi setja søkjelys på dette temaet. Vi vil at folk skal bry seg meir om å vera sosiale, og mindre om kva som skjer i sosiale media.

Audition på Haugland

«Se meg» har premiere i Fana Kulturhus torsdag. Det blir òg ein audition i ungdomshuset på Haugland for unge dansarar som vil delta med Juice på showet i Oseana søndag 26. januar. Dato for denne er foreløpig ikkje bestemt.

Før showet i Oseana skal gjengen ha show på Husnes og dansa på juletrefesten til Barnekreftforeningen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.