Lokal | 30. des. 2008

Jul i Liberia, Florida og Kristiansund

mortennielsentysdag 30. des. 2008 08:43

Like før jul fekk vi stemningsbilde frå to osingar på båt. Helge Drønen på seismikkbåten Geo Barents, som ligg utanfor Liberia i Vest-Afrika, og Arve Halhjem om bord i Skandi Foula, som låg til kai i Kristiansund i jula.

Halhjem og kameratane lagde ein peparkakemodell av båten sin på fritida, den kan du sjå bilde av i denne bildeserien.

Ei minst like eksotisk julehelsing har vi fått frå Benedikte Drange, som for tida jobbar på Epcot-senteret i Orlando.

- Det var ei koseleg, men litt rar jul, skriv Benedikte om feiringa i 27 varmegradar.

Ho og dei fleste av venane hennar jobba mesteparten av julaftan, men ei venninne tok ansvar og handla inn til norsk julefeiring med ribbe, kalkun, raudbrus og riskrem.

Om kvelden var det juleparade i Magic Kingdom.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.