Julegøy 2

Og vi lo!

JULEGØY
Med Kevin Vågenes, Siw Anita Andersen, Christoffer Schjelderup og Sandra Spjelkavik
Og vi LO, og vi LO…» 
 «Julegøy» i fjor var ein braksuksess med fleire enn femti utselde framsyningar, og responsen frå presse og publikum var fantastisk: 
«Folk ler så de griner!» (BT).
«Enorm stemning i salen fra start til slutt! » (BT)
«Får folk til å hyle av latter» (BA).
No er vi klare for «Julegøy 2», og på dette året sitt draumelag er Kevin Vågenes tilbake. Det blir gjensyn med nokre av dei elleville karakterane frå TV-suksessen «Parterapi», og, ikkje minst, introduksjon til heilt ferske rollefigurar. Kevin Vågenes har tatt humor-Noreg og publikum med storm, og det er ei stor glede å ønskja han velkomen til Oseana.
Christoffer Schjelderup er med vidare, og vil på sitt ufiltrerte vis gi oss sine skarpe og vittige betraktningar frå kvardagen. Vi har òg fått med oss ei av dei morosamaste kvinnene i landet, nemleg Siw Anita Andersen, kjend frå m.a. «Mot i brøstet», «Lompelandslaget» og «Nissene på låven». Vår eigen Sandra Spjelkavik er endeleg tilbake på Vestlandet etter eit kort eksil i Oslo, og då er årets «Julegøy»-lag komplett!
Gle deg til sesongens gøyaste juletradisjon!
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement.

Oseana Kunst & Kultursenter

Lørdag, november 23, 2019 - 21:30