Næringsliv | 17. nov. 2020

Julegrantenning med dinosaur og drive-through

Ein annleis vri på Amfi laurdag.

Julegrantenning med dinosaur og drive-through
Denne dinosauren skal vandra rundt under julegrantenninga på AMFI Os laurdag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. nov. 2020 21:24

Førstkomande laurdag er det tenning av julegran på AMFI Os.

Det er nokre år sidan senteret gjekk vekk frå å ha gran ute, og har i staden tent julelys eller julegran inne på senteret.

– I år tar vi det ut igjen, denne gong ved Hitzone og inngangen ved Baker Brun, seier senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide.

For å unngå at folk står tett i desse smitteverntider, blir tenninga rett etter stengetid laurdag, og julesnop blir levert inn i bilane til dei som vil ha det med seg.

– Nokre sit gjerne i parkerte bilar mens andre kjem til tenninga, så vi vil laga eit system på trafikken, og ha folk ute på dirigering. Fleire frå butikkane hjelper nissen å dela ut snop.

Skummel overrasking frå nyoppussa Ringo

Saman med tenninga av grana og litt snacks inn vindauget kjem det til å koma eit utradisjonelt innslag denne kvelden.

– Ein 2,5 meter høg og 5 meter lang dinosaur blir med oss denne kvelden. Den lager skumle lydar, men skal vera heilt ufarleg, lover senterleiaren.

– Dette året har vore så rart at eg tenkte «kvifor ikkje ein dinsaur på julegrantenninga?» legg ho til og ler.

Dinosauren er kjøpt inn av Ringo Pluss, og blir å sjå på senteret seinare òg. Leikebutikken har nyleg pussa opp, og har nyopning av lokalet måndag, i starten på Black Week.

Frå julegrantenninga i fjor. I år blir det utandørs. (Foto: KVB)
Frå julegrantenninga i fjor. I år blir det utandørs. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.