Kultur | 04. des. 2009

Julekonsert sundag

Os Musikkforening har invitert Orkesterverkstaden og Os Mannskor til juleskonsert i Os kyrkje.

Julekonsert sundag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. des. 2009 00:14

Os Musikkforening har invitert Orkesterverkstaden og Os Mannskor til juleskonsert i Os Kyrkje sundag 6. desember kl 18.00. Det er 2. søndag i advent, og i år får vi hjelp av Selma til å tenna adventslysa.

Orkesterverkstaden er eit samarbeid mellom strykarar i Os Kulturskule og strykarar i Os Musikkforening (Stryken). Sidan tidleg på 90-talet har Stryken hatt eit tett samarbeid med musikk- og kulturskolen i Os.

Dette er eit viktig samarbeid for å oppretthalda strykermiljøet i bygda, og samspelet har først og fremst foregått i prosjekt som gjerne blir kalla «orkesterverkstaden». I dette spesielle orkesteret har alle strykarane i Os fått vera med, frå dei heilt ferske i musikk- og kulturskulen til dei godt vaksne frå Stryken. Alderen på medlemmene har vore frå 7 til godt over 70 år!

Årets utgåve av orkesterverkstaden blir dirigert av Johann Sebastian Blum, og musikken dei spelar er spesielt tilrettelagt for denne ensembletypen. Arrangementene gjev utfordringar til både veteranane og dei helt ferske.

Det flotte arbeidet med tilrettelegging blir gjort av Inger Z. Hovdenak. Os Mannskor, som blir dirigert av Jan Ove Petersen, er sjølvsagt godt kjent for dei fleste i Os. Svært mange fekk med seg konserten koret hadde i Nore Neset kyrkje førre sundag, og delar av programmet frå den konserten blir å høyre i Os kyrkje sundag.

Os Musikkforening (Janitsjaren) blir i år dirigert av Rune Hannisdal. Julekonserten er blitt ein viktig tradisjon for oss, og vi ser alltid fram til ein stemningsfull førjulskveld i den vakre kyrkja vår.

Konserten blir variert, alt frå originalskrive musikk for janitsjar, kjente julesongar og orgelbrus. Det blir også høve for publikum til å synga med!

Velkommen!
For Os Musikkforening
Ruth Elin A. Midtbø

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.