Lokal | 21. des. 2013

Julemusikk på Nore Neset

Susan Askvik i Nore Neset grendalag jublar. – Vi har fått årets julehelsing frå Gjensidigestiftelsen!

Julemusikk på Nore Neset
Omlag ved furua midt i bilete kjem musikkbingen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 21. des. 2013 10:09

Rett før helga fekk Susan Askvik i Nore Neset Grendalag meldinga ho knapt hadde turt håpa på. Laget får 160 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen.

– Med det blir musikkbingen på Nore Neset fullfinansiert. Det er berre heilt fantastisk, jublar Susan Askvik.

Frå før hadde laget fått 200 000 kroner frå Musikkbingeverkstaden, men mangla altså ein stor sum for å koma i mål.

– Vi har søkt og søkt om midlar rundt forbi, og var no klare til å gå på tiggarferd til lokale bedrifter, men det slepp vi no.

– Rett over nyttår sender vi inn bestillinga på musikkbingen.

Må mura litt

Dette er ikkje første gong Gjensidigestiftelsen kjem med midlar til grendelaget.

– Vi fekk omlag det same til å ruste opp stien til Liafjellet.

– Eg trur at det blei oppfatta som eit så positivt prosjekt at når vi søkte no igjen så hadde dei gode erfaringar med oss.

– No må vi berre tromma saman nokon av dei dyktige folka vi har her på Nore Neset slik at vi får støpt eit fundament til bingen.

– Kor har de tenkt å plassera den?

– Den kjem der det sto nokre brakkar tidlegare, mellom vegen opp til fotballbanen og parkeringa ved hallen, forklarar Askvik.

Julegåve til Nore Neset

Askvik kallar meldinga frå Gjensidigestiftelsen ei julegåve til Nore Neset-folket.

– Når vi i løpet av våren får den på plass tek Os Rockeklubb over den daglege drifta slik dei gjer på dei andre musikkbingane i bygda.

– Dette er ei god jul-helsing frå Musikkverkstadordninga, Gjensidigestiftelsen, Grendalaget og Rockeklubben, avsluttar Askvik med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.