Politiet melder om ei heller roleg natt i Os. (Ill. Arkivfoto: KVB)

Bilulykke og båt på rek

– Det var også mykje folk ute i natt, men dei oppførte seg fint, melder politiet. 

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Laurdag var det eit trafikkuhell i krysset Hatvikvegen/ Bjånesvegen, fortel politioverbetjent Rune Fimreite. Uhellet skjedde om lag klokka 13.50, og involverte 2 bilar og 3 personar. 

Politi, ambulanse og brannvesen rykka ut til staden, og ein person vart teken med av ambulanse for vidare sjekk.

Om lag klokka 23 laurdag kveld fekk politiet melding om ein båt som hadde slete seg i Os hamn. Fimreite fortel at politiet var opptekne i eit anna oppdrag, så Os Brann- og redning handterte den frittseilande båten.

Sjølv med mykje folk ute på galeien kan Fimreite melda om ingen større utfordringar knytt til festande osingar. 

Fleire saker