Lokal | 27. nov. 2020

Juleverkstad i Øyane? Stoppa med heimesnekra skilt

Bilen var i utgangspunktet avskilta.

Juleverkstad i Øyane? Stoppa med heimesnekra skilt
Ein mann er meldt etter å ha køyrd med falsk skilt torsdag. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. nov. 2020 09:56

Torsdag i 13.30-tida stoppapolitiet ein bil på Røtingavegen.

– Bilen hadde heimesnekra skilt, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

– Snekra? Var dei i treverk?

– Det er notert at dei var laga i ein kombinasjon av treverk, papp og plast, ja.

Bilen var avskilta. Dei heimelaga skilta hadde same registreringsnummer som bilen opprinneleg hadde.

– Det er mogleg at alt no er i orden med blen, av EU-godkjenning og forsikring. Men då må eigar til vegvesenet og få ut igjen skilta, du kan ikkje berre laga deg nye sjølv.

Hjort sto fast i autovern

Torsdag ettermiddag var det både eit trafikkuhell på E39 Byvegen og ein påkøyrd hjort omtrent på same stad, på Hetleflåten.

Også fredag morgon var det ein hjort som hadde problem.

– Det er uvisst om den var påkøyrd, men den skal ha stått fast i eit autovern mellom Rema og Kiwi på Byvegen.

Dette er kjent som eit utsett område. I 2018 var det tre påkøyrslar på to veker nær Gymnasvegen.

Viltkontakt blei varsla.

Fredag morgon var det eit mindre samanstøyt mellom buss og lastebil på Hegglandsdalsvegen. Politiet rykte ut, men opprettar ikkje sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.