Juniorane delte poeng
Os junior elite låg under 0-2 til pause, men la om og tok leiinga i andre omgang.


Sundag fekk Os sitt juniorlag besøk av Varegg. Os har berga plassen i eliten neste år medan Varegg berre har 8 poeng og to lag under seg på tabellen.
- Spelemessig var vi nok like gode i første omgang, men nokre unødvendige feil på overgang gjorde at vi fekk to farlege og målgjevande kontringar imot, seier assistenttrenar Bjørn Atle Bakke.
Heimelaget låg under 0-2 til pause, men justerte frå 4-4-2 til 4-3-3 til andre omgang, noko som slo positivt ut.
- Vi fekk 25 minutt med godt press, der vi var overlegen i spelet, og skåra fleire mål.
Stian Helland skåra to på rad før innbytar Alexander Havsgård gav Os leiinga, 3-2.
- Dei siste 15 minutta kjørte Varegg veldig offensivt på, og i den stressande perioden kom deg seg gjennom til utlikning. Alt i alt eit greit resultat, og dette poenget er nok til at vi ikkje berre er 99 prosent sikre på plass i eliten neste år - no held vi oss uansett andre resultat i avdelinga, seier Bakke.
Desse starta for Os i går: Even Bjoarvik, John Ole Johannessen (h.b.), Stian Dale (v.b.) Henrik Takle Eide og Kjartan Svendsen i midtforsvaret, Stian Bakke og Tor Erik Berge på kvar sin kant, Vegard Engelsen Moberg og Espen Lie sentralt på midten og Daniel Vevatne og Stian Helland på topp.
Byte: Alexander Havsgård for Bakke, Kristian Tysseland for Berge.
Os spelar neste kamp borte mot Fyllingen 13. oktober.
SJÅ TABELL