Juniorane ute av NM
Juniorlaget til Os fekk det tøft då dei møtte Viking i Stavanger laurdag.

Os tok seg til 4. runde i NM etter ein høgdramatisk kamp mot Haugesund som enda med 9-8 etter straffespark-konkurranse. Laurdagen kamp mot Viking blei ikkje like spanande.
Etter berre 5 minutt leia Viking 2-0, og dei fortsatte å vera effektive på Viking Stadion. Framfor omlag 50 tilskodarar måtte Os sjå ballen i nota bak seg heile seks gonger i løpet av første omgangen.
Viking stilte mellomanna med lillebror Veton Berisha, som har gjort det som ei vane å koma inn for Viking i tippeligaen.
NM, 4. runde, Viking - Os 9 - 1 (6-0)
Os sitt lag: Frode Øvredal (Joakim Berthelsen inn 80 min), Håkon Kvittingen (Ruben Aasen inn 45 min), Håvard Grøteide (Sander Kvittingen inn 80 min), Jan Ole Johannessen (Bjarte Halhjem inn 39 min), Tor Erik Berge (Ibrahim Alami inn 65 min), Simen Lassen, Erik Kanestrøm, Stian Bakke, Egil Thuen, Børge Borgen, Fredrik Heggland.
Vegg og i mål
Med 14 minutt att å spele får Os endeleg høl på Vikingforsvaret. Etter flott veggspel sett Simen Lassen sikkert bak Vikingkeeper.
Då har både Egil Thuen, Børge Borgen og Erik Kanestrøm våre farleg frampå fleire gonger tidlegare i kampen i følgje viking-fk.no.
Midtsiden kjem tilbake med kommentarar frå kampen.