Alle vann! Glade golfarar under Narvesen Tour på Bjørnefjorden Golfklubb. (Foto: BG)

Juniorturnering på Hauge

I helga arrangerte Bjørnefjorden Golfklubb turnering for dei yngste - dei lokale spelarane markerte seg med fleire pallplasseringar.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Laurdag 25.mai arrangerte Bjørnefjorden golfklubb Narvesen Tour, som er ei regional breddeturnering for barn og unge i alderen 6-19 år.

– Totalt var det 73 påmeldte deltakarar. Av desse var 15 spelarar frå Bjørnefjorden Golfklubb.

Dette fortel styreleiar i klubben, Eli-Karin Wiberg.

I dei yngste klassane var det deltakarmedalje og premie å henta for alle, og i klasse «mixed 6-8» år deltok desse Bjørnefjord-spelarane: Odin Haugland Rognan, Ludvik Lund Bertheussen og Kristoffer Nordtveit Arntzen.

I klasse «mixed 9-12» år deltok desse Bjørnefjord-spelarane: Ingrid Frøystadvåg Bøthun, Emil Andreas Heggland, Peter Johannessen, Isak Larson og Millie Larson.

Dei eldste markerte seg godt

Wiberg fortel at Bjørnefjorden Golfklubb  gjorde det bra i dei eldste klassane dei var representert i, med 4 spelarar på pallplass:

Gutter 16-19 år

1. Mathias Nordheim - Sotra GK

T2 Adreas Skaar - Meland GK

T2 Isak Heggland - Bjørnefjorden GK

4. Nils Gunnar Holemark - Bjørnefjorden GK

7. Jahn-Olav Arntzen - Bjørnefjorden GK

Beste bruttoscore; Andreas Skaar- Meland GK, 74 slag

Jenter 16-19 år

1. Tora Wiberg - Bjørnefjorden GK

2. Emma Pauline Helgesen - Bergen GK

3. Lene Gjøen Rosvold - Bjørnefjorden GK

Beste bruttoscore; Tora Wiberg - Bjørnefjorden GK, 86 slag

Gutter 13-15 år

1. Tobias Arntzen - Bjørnefjorden GK

2. Simen Johannessen - Bergen GK

3. Andreas Matrinussen Stald - Begen GK

T5 Mathias G. Pedersen - Bjørnefjorden GK

Beste bruttoscore; Petter S. Dale - Herdla GK; 72 slag

Jenter 13-15 år

1. Tuva Johanne Dybwad - Fana GK

2. Julie Ulvenes Kleppe - Sotra GK

3. Hedevig Anna Braastad-Huth - Fana GK

Beste bruttoscore; Tuva Johanne Dybwad Fana GK , 91 slag

Mixed 13-19 år

1. Christopher Knutsen - Bergen GK

2. Eirik Daae Børnes - Bergen GK

3. Lucas Davies - Bergen GK

25 år og golfskule

Bjørnefjorden Golfklubb har i år 25-årsjubileum.

Dette vil bli markert fortel Wiberg;

– Dette kjem vi til å markera helga 29. og 30. juni. Vi skal òg ta opp att tradisjonen med å arrangera golfskule.  Dette vert første veka i skuleferien: 24.,25. og 26. juni.

Fleire saker