Sport | 12. mai 2010

Justerer målsetnaden

Etter ein god start i serien ser Steffensen for seg at Os sitt juniorlag kan landa på topp 3 denne sesongen.

Justerer målsetnaden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. mai 2010 10:46

Os junior elite har starta serien med to uavgjorte og éin siger. I går gjekk dei på sitt første tap, men spelte godt mot den sterke motstandaren Løv-Ham.

- Vi tapte 1-2, men kunne like gjerne tatt poeng i går. Spelarane har utvikla seg veldig bra, i tillegg har vi nokre gutespelarar som herjar på midtbane og i angrep, seier hovudtrenar Øyvind Steffensen.

Han siktar spesielt til Simen Lassen og Johannes Jordal.

- Dei kom innpå i andre omgang og var som i kampen mot Brann ekstremt gode. Dei speler fint saman og imponerer mot sterke, eldre spelarar.

Johannes reduserte for Os, Simen finta vekk tre mann før han sjølv var åleine med keeper og nær utlikning. I tillegg nemner trenaren Børge Borgen og Henrik Takle Eide som spelarar som får han til å sjå lyst på sesongen.

- Før sesongstart hadde eg sett for meg at vi kom til å kjempa i nedste halvdel av tabellen, men det spelarane har vist til no, mot så sterke motstandarar, gjer at vi bør sikta oss inn på topp 3, seier Steffensen.

Tre spelarar frå seniorstallen til Os, som nyleg har vore på russetreff, blei brukt i juniorkampen; Vegard Leikvoll Moberg, Kristoffer Sande og Espen Kopperud.

Os sitt lag (4-4-2): Fredrik Sælen, Espen Lie, Kristoffer Sande, Henrik Takle Eide, Kristian Tysseland, Børge Borgen, Vegard Leikvoll Moberg, Johannes Jordal, Espen Kopperud, Daniel Vevatne og Tor Erik Berge.

Disse blei byta inn: Frode Øvredal, Simen Lassen, Stian Dale, Stian Bakke, Stian Helland og Daniel Leikvoll.

Os junior elite speler borte mot Fana før neste heimekamp, som går mot Stord tysdag 25. mai (kl 18.30).

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.