Fotball | 16. jan. 2014

Kabalen nesten ferdig lagt

Os har ny juniortrenar, ny gutetrenar, ny spelarutviklar, assistent til A-laget og fleire treningskampar ferdig booka.

Kabalen nesten ferdig lagt
Fleire nye trenarar er på plass på Kuventræ. (Ill. foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. jan. 2014 12:28

Det gjekk tid før Os Turn fekk dei første brikkene for 2014-fotballen klare, men så skjedde det mykje i ein fei.

Lars Bakkerud blei tilsett som sportssjef, Jørn Vegard Berge som hovudtrenar for A-laget og tre utanlandske spelarar blei signert.

Men oppgåvene med klubben sine nærmare 500 (!) fotballspelarar krev fleire personar, og jul og januar har gått med til nesten å koma i mål med kabalen.

– Dette handlar om klubbsatsing, ikkje berre A-lagssatsing og elitesatsing.

– Prestasjonar og opprykk kjem med tida, no er det full fokus på sportsleg organisering og spelar- og lagutvikling i alle ledd, presiserer Lars Bakkerud.

Rune Fjellberg (36) blir assistent

Jørn Vegard Berge har, i tillegg til pappa Leif, fått med seg ein tidlegare lagkamerat til å leia A-laget.

– Rune Fjellberg er engasjert som assistenttrenar, stadfestar Bakkerud.

Fjellberg vaks opp på Kuventræ, blei i ung alder tatt opp i A-troppen, blei henta til Løv-Ham då han var 21 år og spelte 6 sesongar i Adeccoligaen før han returnerte til Os og var med på opprykk til 2. divisjon i 2006.

Han har også i nyare tid, i 2011, vore med Os 2 i periodar dei har hatt få spelarar. Han har nyleg starta med å ta trenarutdanning og ser fram til å jobba på Kuventræ.

– Eg trur eg kjem til å jobba godt saman med Jørn Vegard, Leif og Lars, det blir nok både kjekt og lærerikt, seier Rune, som til dagen jobbar som brannmann i Fana.

Nye folk på fleire trinn

Ove Kanestrøm, Terje Kvittingen, Asbjørn Bergstø og Knut Arne Grøteide er med vidare rundt A-laget.

– Tidlegare dametrenar, Cato Moldskred, blir spelarutviklar på fleire trinn. Han skal gå inn og gje trening og tilbakemelding til enkeltspelarar, og ta dei ut til målretta øving på ulike roller.

– Keepertrenar blir Vidar Bahus, som også får ansvar for keeperane nedover i alder, fortel Bakkerud.

På junior og gutelaga har det kome inn nye krefter. Ørnulf Jacobsen, som i ei årrekkje har hatt ansvar for gutane i 98-årgangen, blir ny hovudtrenar for gutar 19. Han får med seg Rune Balland og Gunnar Aadnevik.

Tidlegare gute- og juniortrenar på Nore Neset, Odd Jarle Hjelle, er ny hovudtrenar for gutar 16.

– Vi har litt på gang med dei rollene som er igjen, blant anna på dame- og jentesida, men er ikkje heilt i mål enno.

Junior elite opp på seniornivå

På organsieringa av spelarar inn mot A-laget er det allereie nokre teikn på endring.

Os har også tidlegare hatt juniorar på både A-lag og Os 2, men no skal klubben sitt junior elite utgjera Os 2 og spela seniorfotball i 5. divisjon i år.

– Det er ikkje hogd i stein, og det kjem til å vera nokre seniorspelarar nede og hjelpa til, men dei beste juniorane, som ikkje er A-lagsspelarar, skal no spela seniorfotball.

– Kva med seniorar som nesten er gode nok for A-laget?

– Vi ser etter kvalitet, vilje og potensiale. Då vil vi ha spelarar på Os 2 som er på veg mot A-laget, ikkje seniorar som trappar ned eller har mindre tid til trening enn andre. Til desse finnest det fleire andre gode klubbar i Os kommune.

Møter Fyllingsdalen i februar

A-laget er godt i gang med oppkjøringa, med godt oppmøte og bra intensitet. Fredag er Patrick Bujna, Andrej Nemec og Lukas Horvath, dei tre nye spelarane frå Slovakia, på plass på Kuventræ, søndag er det intern treningskamp.

– Så skal troppen takast ut og første helga i februar er første treningskamp.

Os møter Fyllingsdalen først og held fram med trening mot fleire lag frå 2. og 3. divisjon, som Fana, Stord og Øystese.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.