Kultur | 25. feb. 2016

Kafébuss blir bokbuss

Når Bjørn T. Bøe og Bente Bratlund skal lansera sine to nye bøker for barnehage- og skuleborn, og kva passar vel betre då enn å ha lansering i ein tidlegare skulebuss på Er-An?

Kafébuss blir bokbuss
I den tidlegare skulebussen på Er-An veikro skal Bente Bratlund og Bjørn T. Bøe lansera sine nye barnebøker. 
Kari M. Lyssandtorsdag 25. feb. 2016 13:39

Bjørn T. Bøe er no ute med si første barnebok "Ein elefant i barnehagen". Ute med ny bok er også forfattarveteranen Bente Bratlund, hennar bok "Prompebroren" er ei i ein serie av fleire bøker av ulike forfattarar frå forlaget Det Norske Samlaget.

Bjørn T. Bøe si debutbok handlar om borna i ein barnehage som må på ei lita "safarijakt" for å finna ein elefant som skal halda til i barnehagen, men som ingen har sett. Boka er laga for barnehageborn.

Bente Bratlund si nye bok "Prompebroren" er ei lettlest barnebok og her får ei jente problemer når ho har loge på seg ein ein heilt fantastisk bror med utrulege prompeeigenskaper.

– Ho lyg seg så langt ut på vidda at ho får problem med korleis ho skal redda seg i land, fortel Vidar Bratlund-Mæland.

Laurdag 5. mars arrangerer han boklansering for desse to nye bøkene, og han er særs nøgd med staden dei har valgt ut å halda arrangementet.

– Vi fann ut at bokbuss er det alt for lite av, så når Linda Andersen på Er-An veikro no har fått bygd inn ein buss i vegkroa, att på til ein tidlegare skulebuss, så var jo det den perfekte staden sidan desse bøkene er for barnehage- og skuleborn.

– Trur vi er dei første

Han vil ikkje røpa for mykje av kva som skal skje på lanseringsdagen, men det kjem til å bli smakebitar frå dei to bøkene.

– Det blir ei fin lita litteraturstund, serier han løyndomsfullt.

At det er litt liten plass inne i sjølve bussen er noko Bratlund-Mæland har tatt med i planane.

– Skulle ikkje alle få plass så tar vi lanseringa om igjen. Det gjer vi så lenge det er folk, så alle skal få det med seg.

Forventningane til arrangementet er høge, og Vidar og forfattarane gler seg veldig til lanseringa.

– Eg trur ikkje andre har lansert barnebøker på denne måten før, dette blir veldig spennande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.