Kultur | 21. apr. 2018

Kaia og Kaja sentrale i «Nattspill»

Urpremiere på Oseana søndag kveld med ei rekkje lokale artistar i sentrale roller.

Kaia og Kaja sentrale i «Nattspill»
Kaia Rullestad Teigen og Kaja Lyssand Nymoen er spente før urpremiera på «Nattspill» i Oseana søndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 21. apr. 2018 08:33

«Nattspill» er siste verk frå hendene til Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo. Stykkje byggjer «Fru Inger til Austerått» av Henrik Ibsen. «Nattspill» er ein podcastopera på grensen til musikkteater.

– Fru Inger var Noregs mektigste kvinne i middelalderen og viser eit lite balansert maktforhold og korleis mangel på informasjon blei brukt allereie då. Det foregjekk eit politisk spel.

– Det gjer det jo i dag òg med Listhaug og andre dagsaktuelle temar. Desse blir tatt opp i stykket, forklarar Kaia Rullestad Teigen og Kaja Lyssand Nymoen.

Skal hjelpa publikum

Dei to har to av dei sentrale rollene i stykket. Kaia Rullestad Teigen, som går fjerde året på Griegakademiet er ein av fem hovudsolistar i rolla som opprørsleiaren.

16 år gamle Kaja Lyssand Nymoen er saman med Natasja Smørholm og Una Berntsen Seland dei tre reporterane som lagar podcasten som bind framsyninga saman.

– Det kan kanskje opplevast som ei litt vanskeleg og innvikla historie for publikum. Vår oppgåve som podcastarar er å hjelpa publikum å forstå stykket og spelet, fortel Lyssand Nymoen.

Grip fatt i aktuelle tema

Som reportarar i podcasten har Lyssand Nymoen og dei to andre stor grad av fridom.

– VI har jo nokre stikkord, men det er ikkje så mykje manus. Skjer det noko i helga som er verdt å kommentera, så kan vi ta fatt i det. Glenn Erik og Heidi har gitt oss stor tillit og fridom, smiler Lyssand Nymoen.

Det får ho full støtte i frå Rullestad Teigen.

– For meg som går på Griegakademiet har det vore veldig spennande å jobba med noko som er så mykje i endring. Det er utfordrande, men samstundes veldig gøy. Vanlegvis jobber vi jo med gamle klassiske verk kor alt ligg spikra. Her har vi kunne koma med innspel og ikkje minst få forklaring på korleis Glenn Erik har tenkt når han har komponert.

Meldte seg sjølv

For Rullestad Teigen er «Nattspill» tatt inn som ein del av studiet på Griegakademiet, for Lyssand Nymoen var inngangen litt annerleis.

– Eg har gått på barne- og ungdomsteater og på dansing. Ein dag var Glenn Erik innom dansinga og fortale om stykket og lurte på om nokon var interessert, så då berre sendte eg ein epost til han og sa eg hadde lyst. Eg hadde jo trudd at eg berre skulle ha ei lita rolle, så det blei ein del større enn det eg hadde sett for meg, men det er berre gøy, avsluttar ho med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.