Lokal | 31. juli 2019

Kajakk utan eigar og feilparkert båt på Sandholmane

Politiet etterlyser eigarar - Teknisk vakt og brannvesen melder at Os klarte seg bra i dei store nedbørsmengdene i går.

Kajakk utan eigar og feilparkert båt på Sandholmane
Politiet og teknisk vakt ved Os kommune kan melda at Os klarte seg fint i dei store nedbørsmengdene som kom i går. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 31. juli 2019 08:15

For politiets sin del starta dagen i går med to nye avskiltingar av køyretøy.

– I løpet av føremiddagen kom vi over to bilar som mangla EU-kontroll og/ eller forsikring. Begge bilane vart difor avskilta på staden.

Dette fortel politioverbetjent ved Os Lensmannskontor, Anne Lyssand.

– Vi la att lapp i vindauge på bilen, men eg vil oppmoda folk å setja seg inn i dei nye reglane som no gjeld for EU-kontroll og forsikring av bil. Då slepp dei kanskje å koma ut til ein avskilta bil etter å ha vore eit ærend på butikken.

Les òg: Nye reglar for EU-kontroll.

Ulovlig fiske og skada grågås

Lyssand fortel at i løpet av tysdagen fekk dei melding om at Kystvakta har vore i Strøno-området og teke beslag i fleire ulovlege teiner.

Ei skada grågås funnen i Dalsvegen vart meld vidare til viltnemda.

– Kven eig ein gul kajakk og kven har langtidsparkert ved Sandholmane?

Politiet treng publikum si hjelp i to saker, kan Lyssand fortelja;

– Vi sit no på ein gul kajakk, funnen drivande mellom Sandholmane og Solstrand. Den er av merket «Perception Carolina» og har eit svart og grått lokk. Om nokon der ute saknar ein slik ein, eller kan hjelpa oss å finna eigaren, vil vi at dei tek kontakt med oss.

– I den andre saka gjeld det ei plastsnekke som vi har blitt opplyst har lege ved Sandholmane i ein månads tid no. Vi kjem til å ta ein prat med brannvesenet om denne båten, men igjen; om nokon eig denne båten, eller veit noko om kven sin det er; gjer vel å ta kontakt med oss her på lensmannskontoret, oppmodar Lyssand.

Tok uvêret fint

Lyssand kan ikkje melda om saker om omhandlar dei store nedbørsmengdene som trefte Vestlandet i går ettermiddag og kveld.

Teknisk vakt ved Os kommune, Jan Terje Lund kan i dag konkludera med at det heile gjekk bra for Os sin del;

– Vi hadde mannskap ute når det stod på som verst i går, men bortsett frå eitt og anna kumlokk som losna av vassmengdene, stod bygda fint av styggavèret.

Lund var i morgontimane i dag rundt i bygda og sjekka, men bortsett frå at ein og annan huseigar må i botnen av bakken og henta grusen sin, ser det ikkje til at det har vore større skadar.

– Eg har òg snakka med brannvesenet, og dei kan heller ikkje melda om skadar eller hendingar, fortel Lund.

Målte 30 millimeter på 20 minutt

Lund fortel at han har fått inn to uoffisielle målingar av nedbørsmengdene i går;

Ein kar målte 25 millimeter på ein halvtime, og ein annan registrerte heile 30 millimeter på 20 minutt, så ja, det var intenst i ein periode i går.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.