Lokal | 08. sep. 2011

Kali med «såledag»

No kan du få spesialtilpassa korrigerande sålar i sentrum når Kali innleiar samarbeid med Drevelin.

Kali med «såledag»
Andris Hamretorsdag 08. sep. 2011 09:26

Kali Hud og helseterapi på Osøyro har inngått samarbeid med Drevelin Ortopedi om at dei skal ha ein dag i månaden med prøvetaking og måling til innleggssålar og støttestrømpar.

- Eg har hatt tilsvarande ordning med ein butikk på Knarvik i fleire år. Erfaringa derfrå er at kundane sett stor pris på å sleppa å reise til Bergen får å få tatt mål, fortel ergoterapeut Hilde Mohn.

Mohn og kollegaene hennar i Drevelin Ortopedi på Nesttun har mange kundar frå Os og Fusa som no slepp å reisa så langt for å få den hjelpa dei treng.

- Då Kali tok kontakt for å få til ei ordning var det ikkje vanskeleg å seie ja.

- Erfaringane frå Knarvik gjer at eg har tru på at kundar frå heile Bjørnefjordregionen kjem til å koma hit, seier Mohn.

Livskvaliteten tilbake

Førebels er det ein gong i månaden Mohn kjem til å vera i lokala til Kali for å ta mål til innleggssålar og spesialtilpassa støttestrømper.

- Det er mange som plagast med beina. Vi går på harde gulv og asfalt heile dagen og kan kjenne det både i føter og rygg.

- Med å bestille ein time hos oss får du målt om du er plattfot, hulfot eller på andre måtar trår skeivt. Ofte er det det som gjev kundane plagar og det er berre ei lita korrigering som skal til for at dei opplever å få mindre plager og livskvaliteten tilbake, fortel ergoterapeuten.

Korrigerar fotstillinga

Ho leverar såkalla korrigerande sålar kor foten «tvinges» tilbake i ein normal posisjon.

- Kva er forskjellen på dine sålar og dei du kan få laga hos til dømes ein sportsforretning?

- Medan dei «berre» lagar sålar som støttar foten slik den er, så lagar vi sålar som korrigerer foten. Det gjer at kundane får ein normal posisjon på foten og dermed minskar plagar som kjem frå feilstilling på føttene.

- I tillegg må eg seie at mange av dei sålane eg har sett laga hjå sportsforretningar ikkje har imponert særleg i verken kvalitet eller utforming.

Eit par sålar med prøvetaking og tilpassingar kjem på omlag 1200 kroner i følgje Mohn.

Handtverk

Når kunden kjem til Mohn tek ho eit intervju for å høyre kva plagar dei har og eit avtrykk av foten for å sjå korleis den blir belasta.

- Diverre er skomoten heilt feil i høve til føttene si velvære, men sålane vi no lagar kan brukes i alle typer sko anten det er jobbesko eller pensko.

- Eg plar alltid å spørje kva type sko sålane skal nyttast i. Det har litt å seie kva materiale jeg vel å laga dei i.

Mohn fortel at produksjonen av innleggssålane er eit nitidig handtverk kor dei pussar sålen millimeter for millimeter for å få den til å passa kunden.

I tillegg til besøk frå Mohn ein gong i månaden har Kali òg byrja som forhandler av støttestrømper frå Drevlin.

- Dei har inne eit standardutval, men vi tek òg mål og spesialsyr støttestrømpar til kundane. Det er berre å bestille time hos damene her så kan vi levera strømpene neste gong eg kjem eller vi kan få sendt de opp i løpet av ein fjorten dagars tid, avsluttar ergoterapeut Hilde Mohn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.