Kultur | 16. aug. 2009

Kampen held fram

Oselvaren har i skrivande stund flest stemmer, men kor tid kampen er over er førebels uvisst.

Kampen held fram
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. aug. 2009 19:23

- Det har vore ei travel natt, men eg fekk meg litt søvn frå klokka 3.30 til 4.30 seier Rune Søvik frå Oselvarlaget.

Natt til sundag var han på Alan Jackson-konsert i Bergen, men han var sjåfør og klar til å halda seg våken for å gje oselvaren eit rykk forbi nærmaste konkurrent, åfjordsbåten.

Sundag i 21.tida hadde oselvaren 115.030 stemmer, medan åfjordsbåten låg på 97.066. I skrivande stund fjerna arrangørane av kåringa, Redningsselskapet, oversikten over kor mange stemmer kvar båt har. Dette har skjedd nokre gongar før, så sida kjem opp igjen.

- Det har gått rykte om at det ikkje går an å stemma etter midnatt, altså klokka 24.00 sundag, men dette trur eg er feil, seier Rune Søvik.

Han har ikkje fått noko klart svar frå Redningsselskapet på kor lenge ein kan stemma, men han er førebudd på å kjempa utover natt til måndag, og måndag, som til eit eller anna tidpunkt er siste sjanse på å stemma på din favoritt.

Vil du stemma på oselvaren sender du ei tekstmelding med teksten Båt 2 til 2225. Pris per melding er 3 kroner.

- Det er uansett mange vinnarar i denne konkurransen - engasjementet rundt dette er ein siger for heile trebåtmiljøet. Den entusiasmen osingane og andre vestlendingar har vist er heilt fantastisk. Det er mange som er minst like ivrig som meg for tida, seier Søvik med eit smil.

Kva som skjer om oselvaren blir Noregs nasjonalbåt har han ikkje hatt tid til å tenka på.

- Det blir uansett feiring!

Redningsselskapet skal ifølgje Søvik offentleggjera vinnaren tysdag.

Les meir om konkurransen her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.