Næringsliv | 03. jan. 2011

Kan bli kafé

Beredt Gruppen vurderer å etablera seg på Os. No vil dei i dialog med Os kommune og NAV.

Kan bli kafé
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. jan. 2011 14:09

Beredt har vore i Os før, i ein periode på rundt fire år sto dei fram til 2008 for kantinedrifta på Luranetunet. Det dei no vurderer er i ein litt annan kategori.

- I tillegg til opplæring i ulike bransjar, på ulike nivå, driv avdelinga Beredt Catering ti kantiner og to kafear, seier administrerande direktør i Beredt Gruppen, Torolv Onarheim.

Ettertrakta arbeidstrening
Beredt Gruppen driv profesjonelt, men kombinerer i mange samanhengar profesjonell drift med opplæring. Dei som får opplæringsplass er gjerne ungdom utan skuleplass eller jobb, vaksne på attføring eller vaksne arbeidsledige med interesse for nye fag.

- Vi kan for eksempel tilby den enkelte bedrift hjelp til dei som er i ferd med å mista jobben. Dersom den tilsette er interesserte kan dei også få opplæring i eit fag medan dei ventar på ny jobb.

- I tillegg til yrkesrelatert opplæring i eigne verksemder har vi også mange samarbeidspartnarar som vi tilbyr praksisplassar til. Den siste tida har vi hatt fleire frå Os som har tatt kontakt med oss for å få plass, så vi håper Os kommune og NAV ser det som interessant å samarbeida med oss om etablering i Os sentrum, seier Onarheim.

Catering og kafé
Beredt er i dialog om lokalet i Brugata der Renseriet heldt til. Her har det vore gatekjøkken og konditori tidlegare, og Beredt ser for seg å starta med ein kombinasjon av catering- og kafédrift i etasjen under Irish Cat.

Irish Cat kan dessutan bli kunde av Beredt, drivarane av den nye uteplassen på Os har sagt at dei er interessert i å servera mat, men at dei ikkje har eige kjøkken.

- Kan det bli aktuelt å opna i dette lokalet også utan samarbeid med Os kommune eller NAV?

- Ja, vi kan opna med ei minimumsbemanning, men ser helst at vi kan driva ei opplæringsbedrift og tilsetja fagpersonar som i tillegg er gode på opplæring. Det vil nok Os samla sett ha endå større nytte og glede av.

- Dei som er på opplæring hos oss får ein roleg start, men får etter kvart erfaring og kunnskap nok til å kunna halda topp kvalitet og tempo, slik at dei kan arbeida på eitkvart anna kjøkken. Det er det som er målet, å skapa gode arbeidstakarar, og da må vi ha minst like god kvalitet på våre produkt og tenester som våre beste konkurrentar. Det er dette vi er kjent for andre stadar der vi er representerte, seier Torolv Onarheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.