Lokal | 07. apr. 2016

Kan bli starten på oppleving-senter

Funn av pilspissar frå tidleg bronsealder på Luranetunet denne veka kan vera starten på eit oppleving-senter. – Håpet er å laga noko som skuler og barnehager kan nytta seg av, seier Nils-Petter Borge.

Kan bli starten på oppleving-senter
Denne pilspissen blei funnen på Luranetunet denne veka (foto: Os kommune)
Andris Hamretorsdag 07. apr. 2016 07:24

Forseinkingane med utbygginga av Luranetunet på grunn av fortidsminnene ved tomta der utvidinga skal skje, kan føre noko godt med seg.

Måndag denne veka kom endeleg gravearbeidene til hovedfløyen på nye Luranetunet endeleg i gang, fire månader forseinka i høve dei opprinnelege planane.

– Bygginga har vore godt i gang lenge. Dei omtalt forseinkingane har vore på hovudprosjektet, men bygginga av det nye dagsenteret og administrasjonsfløyen har gått som normalt. Der er vi heilt i rute, fortalde kommunalsjef Nils-Petter Borge til tenesteutvalet onsdag.

Konsekvensane av forseinkingane er truleg at Luranetunet står ferdig seinhaustes 2017 i staden for på sommaren. Kommunen reknar òg med noko auka kostnader, men ligg førebels innanfor budsjett.

Fann pilspisser

Då gravearbeidene starta måndag, og mannskap frå Bergen Museum starta utgravingane av fortidsminnene gjorde dei raskt spennande funn i grunnen.

– Det er avdekka busettinger frå tidleg bronsealder der oppe. Her er pilspissar som blei funnen denne veka, fortalde Borge då han viste bilete av pilspissane.

Pilspissane er truleg nær 3500 år gamle. Funna er av stein, bronsealderen blir gjerne omtala som perioda kor ein gjekk over frå våpen i stein til å laga våpen og reidskap i bronse.

Kan bli oppleving-senter

Gisle Hesjedal (Ap) undra om funna tilfalt Bergen Museum eller om Os kommune kunne få lov til å laga ei utstilling med dei.

– Dei blir nok statens eigedom, men eg og Tor-Inge (Døsen, prosjektleiar, journ.mrk) har snakka om vi kan gjera noko med dette i den nye ytre sansehagen der oppe. Dette er jo ein av dei eldste busettingane i Os.

– Det vi har snakka om er å kunne laga ei form for løype med plakettar med informasjon og liknande kor vi kan integrere skuler og barnehager i området. Det er mykje historie som kan forteljast og som kan nyttast i historieundervisninga til skulane, meinte Borge.

Viktig også for bebuarane

Det å få til ei integrering mellom dei eldre som blir bebuarar på Luranetunet og dei yngre i skule og barnehagar blir ein vinn-vinn situasjon i følgje kommunalsjefen.

– Vi trur gjerne at dei eldre vil bu landleg og stille til, men undersøkingar viser at det er gjerne ikkje det dei vil. I Danmark har dei lagt ein sjukeheim oppå ein togstasjon. Den er av dei mest populære. Der opplever bebuarane at dei framleis er eindel av samfunnet og kan sita å sjå på folkelivet og togtrafikken.

– Om vi klarar å laga Luranetunet på ein slik måte at området blir aktivt brukt av andre enn dei som bur der, så trur eg det kan bli veldig positivt. Her har vi tatt noko som i utgangspunktet blei litt negativt med at vi fekk forseinkingane og prøvd å snu det til å bli ein positiv ting. Det er jo spennande. Vi snakkar om nær kulturhistorie som skjedde for fleirfoldige 1000 år sidan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.