Næringsliv | 30. mars 2016

Kan bli tatt ut i streik

Frå søndag kan tilsette ved fire verksemder i Os bli tatt ut i streik om ikkje meklinga mellom Fellesforbundet og Norsk Industri fører fram.

Kan bli tatt ut i streik
ARKA er ei av verksemdene som kan bli råka om meklinga ikkje når fram (arkivfoto: KVB)
Andris Hamreonsdag 30. mars 2016 06:58

Tysdag krevde Fellesforbundet brot i den frivillige meklinga med Norsk Industri for Industriovereinkomsten, dei såkalla frontfaga.

26 000 medlemmar på 800 verksemder over heile landet vil bli rørt av ein eventuell konflikt om riksmeklingsmannen sitt arbeid ikkje når fram.

Riksmeklingsmann Partane har frist til laurdag klokka 24.00 til å bli einige. Om ikkje vil Fellesforbundet sine medlemmar gå ut i streik frå søndag 3. april klokka 06.00.

126 i Os

Fellesforbundet har meldt plassoppseiing for fire verksemder og 126 medlemmar i Os:

  • 24 medlemmar ved Arka AS, 5210 Os
  • 60 medlemmar ved Benarx Solutions AS avd Os, 5217 Hagavik
  • 5 medlemmar ved Marine Fabrikations AS, 5210 Os
  • 37 medlemmar ved Rolls-Royce Marine AS avd Hagavik, 5217 Hagavik

I tillegg kan 295 medlemmar ved Framo Fusa AS, kor mange osingar jobbar, bli tatt ut i streik.

Også YS-tilknytta Parat har meldt plassoppseiing for sine medlemmar. Ingen av desse jobbar i Os-baserte verksemder.

Partane skal stå langt frå kvarandre. Riksmeklingsmann Nils Dalseide opplyste på NRK tysdag kveld at det var ei vanskeleg mekling kor ein hadde satt ned fleire ulike arbeidsgrupper for å diskutere dei ulike tema i meklinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.