Plan- og bygningsutvalet i runde 2 om Hauge og Bjørnafjorden Hotell. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

– Kan du gjenta det du nettopp sa?!

Omreguleringssaka rundt Bjørnafjorden Hotell rullar vidare - med ny politisk vri.

image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

For nokre veker sider stranda saka om omregulering frå LNF-område til bolig i lett kaos og frustrasjon.

Fleire av medlemmene i PBU sa dei ikkje kjende til, eller gav uttrykk for å ikkje ha forstått innhaldet i samarbeidstalen som nyleg vart signert mellom Os kommune og utviklar ByBo. Utvalet bestemte seg, etter godt med om og men, å utsetja saka til neste møte for å kunne innhenta meir informasjon.

– Eg er invitert her for å gje ein presentasjon

Under møtet torsdag var utiklar, BYBO AS, invitert til å innleia saka med ein presentasjon av sin ståstad i saka.

Dei stilte med to representantar, og utvalet fekk eit historisk tilbakeblikk om ståa på det tidlegare gjestetunet.

– Vi vart henta inn for å sjå på nye moglegheiter drift og utvikling i 2016, kunne dei fortelja. I 2017 kjøpte vi området og bygningsmassane. 

Vidare fekk utvalet høyra om eit gjestetun, no hotell, som har gått med underskot sidan 2013. Dagens drivarar har fått ei avtale kor dei får driva vidare mens saka om omregulering går si gang. Det vart ikkje lagt ikkje skjul på at BYBO AS i stor grad er med å subsidiera dagens drift.

– Det er ikkje økonomisk forsvarleg å oppdatera dei tekniske krava, fleire rom er allereie avstengt og hotellet går i dag framleis med underskot. Det er eit faktum.

BYBO AS  kunne òg fortelja at dei ikkje såg det som noko alternativ å bygga eit større hotell. Då må ein bygga mykje større, og det vert regelrett i hagen til Solstrand.

Etter dette fekk utvalet moglegheita til å stilla spørsmål til dei to representantane frå utviklar.

Harald Døsen (Ap) var først ute og lurte på kva som ville skje om PBU no sa nei.

Ove Frotveit (Frp) lurte på om BYBO AS  hadde vore i kontakt med Fylkeskonservator vedrørande verneverdige aspekt ved eigedomen.

Terje Sperrevik (TvS) stilte spørsmål ved kalkylene utviklar hadde presentert;

– Dette er LNF-område i dag, eg stiller spørsmål ved kalkylene de presenterer her i dag, kor de meiner at det ikkje er mogleg å driva næring her.

Aina Tjosås frå administrasjonen forsøkte saman med karane frå BYBO AS å ta unna spørsmåla som hagla inn, og kunne mellom anna fortelja at slik ståa er no, så må det anten omregulerast, eller så med det rivast og verta landbruk att.

Etterkvart køyrte representantane frå TvS, Ap og Krf såpass hardt på at gjestane, at dei valde å minna utvalet på at dei var invitert her for å gje ein presentasjon.

Etter dette ba Krf ved Sigrid Aanestad Bakke om gruppemøte

Underleg sak

Etter gruppemøtet gjekk diskusjonen friskt rundt bordet i formannskapsalen.

Fokus veksla mellom den no etterkvart berømte avtalen mellom Os kommune og BYBO AS, og korleis informasjon bør sendast og delast i Os kommune og blant politikarar. 

Krf meinte heile saka var underleg, og ba om at det skulle leggjast med ei merking i saka vidare, for store delar av utvalet, kor det kom fram kor frustrerande opplevinga av informasjonsflyten hadde vore i saka. 

Harald Døsen (Ap) var uroa for tolegrensa til rundkøyringa i Os sentrum, og synte til tidlegare diskusjon om utbygging på Bjånes.

Mest tydleg på nei-sida var TvS sin Terje Sperrevik. Han utfordra dei to representantane frå Høgre, May Britt Haringstad og Kristin Søfteland-Larsson til å fortelja utvalet kvifor dei no hadde skifta meining. Han synte då til ei tidlegare runde om området, då utvalet var 7-2 i favør for omregulering på Hauge.

Søfteland-Larsson sa ho utgongspunktet stilte seg positiv til turisme, men med ny informasjon bordet, og med den no juridisk bindande avtala mellom utviklar og Os kommune i botn, valde å stemma den andre vegen. 

Haringstad, som sjølv sit i styringsgruppa som jobbar saman med BYBO ASfor å utvikla området, meinte ein no hadde ei unik moglegheit til å vera med å forma framtida på Hauge. 

– Slik situasjonen no faktisk er, handlar dette om å leggja til rette for best mogleg utvikling av bustadar. 

Joker med forsøk på forsoning

Ove Frotveit (Frp), var på mange måtar jokeren i saka.

I førre møte la han opp til solo-stemming, som einaste Frp-ar som stemte mot omregulering. I sitt innlegg valde han å trekkja dei store linene;

– Mykje har gått galt i denne saka, og vi kan alle ta lærdom. Jobben for dei som sit i styringsgruppa for prosjektet vert no å strupa det heile mest mogleg.

Med kva som skulle skje om få minutt som bakteppe, kan ein godt skjøna Frotveit sitt forsøk på å tenna ei lita fredspipe.

Dette fekk Sperrevik (TVS) til å heva augebryna godt, men høgare skulle dei bli.

– Kan du gjenta det du nettopp sa?!

Då avstemminga endeleg låg klar for avstemming, tok Frotveit (Frp) på nytt ordet, og ba utvalsleiar Gustav Bahus (Frp) fortelja utvalet kva som no skulle skje.

Bahus kunne då fortelja at kommunestyregruppa til Frp hadde diskutert saka.

Ifølgje vedtekter i partiet kunne ein velja å stemma samla. Frotveit skulle med andre ord snu i saka, og stemma saman med posisjonen, slik at fleirtalet no var for omregulering.

Dette fekk Sperrevik (TVS) til å be Bahus gjenta kva han nettopp hadde sagt. 

Trine Lindborg (Ap) måtte òg be Bahus verifisera det ho nettopp hadde høyrt;

– Er Ove Frotveit eigentleg i mot i denne saka?!

Med 5 mot 4 stemmer gjekk Plan- og bygningsutvalet inn for omregulering området Bjørnefjorden Hotell frå LNF til bustad. 

Saka går no vidare til kommunestyret for behandling der. 

Fleire saker