Kan du hjelpe Berit?
– Det er krise, både Os spelemannslag og Durspelsamskipnaden er opptekne Jonsokaften, så no frir vi til kulturbygda Os.
Tradisjonen tru inviterer Oseana til felles Jonsokfeiring i Mobergsvikjo. I år treff til og med Jonsok på ein laurdag, så alt ligg til rette for ei fin feiring, men eitt problem har oppstått for arrangørane.
– Ein ting er det gjeldande forbodet mot å gjera opp eld og tenne grillar i skog og mark, men vi satsar på at vi får ei lita periode med nok regn i forkant, men sjølvsagt fint vêr på jonsokaften, slik at vi kan skapa den gode jonsokfeiringa med bål og grilling på tradisjonelt vis også i år, seier Berit Steen, arrangementssjef på Oseana Kunst og kultursenter.
– Det andre problemet er nesten verre. Vi har jo pleid å ha Os spelemannslag og Durspelsamskipnaden til å underhalde og skape den gode stemninga, men begge laga er opptekne med andre oppdrag.
– Difor frir vi no til kulturlivet i Osbygda. Speler du trekkspill eller eit anna akustisk instrument, og har lyst til å visa fram det du kan? Her har du no sjansen. Det er berre å ta kontakt med meg på Oseana, avsluttar Steen.