Kultur | 14. mars 2019

Kan få 250.000 i KUP-midlar - sjå heile lista

Os skulekorps ligg an til å bli den store vinnaren når KUP-midlane skal fordelast neste veke.

Kan få 250.000 i KUP-midlar - sjå heile lista
Om innstillinga går gjennom formannskapet neste veke, kan 60-årsjubilanten Os skulekorps jubla for ein kvart million. Her frå heimkomsten etter NM-sigeren i 2017. (Foto: KVB) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 14. mars 2019 14:02

Då søknadsfristen for å søkja på KUP-midlar (kulturelt utviklingsprogram) gjekk ut 1.mars, låg det til slutt 81 søknader på bordet til kultursjef Lisbeth Axelsen.

Ein million kroner ligg til utdeling.

I saksframlegget skriv kultursjefen at det er eit stort mangfald og høgt aktivitesnivå i bygda.

Axelsen skriv vidare at under oppstartsmidlar ser ein at det veks fram nye aktivitetar, med fokus på barn og unge. «Eit kvart levande samfunn er avhengig av frivillig innsats for fellesskapet frå sine innbyggarar. Søknader til KUP-midlar, kulturmidlar og Den kulturelle spaserstokk, samt aktivitetar i Frivilligsentralen, visar at våre innbyggarar bidreg mykje. Det er derfor viktig at kommunen på sin side løyver midlar til å stimulere til aktivitet».

Den totale søknadssummen før tildeling vart på 3.668.194 kroner.

Eit eige arbeidsutval under formannskapet har jobba fram ei innstilling til kven som skal få KUP-midlar i år. 

Utvalet har bestått av Terje Søviknes (Frp), Marie Bruarøy (H) og Helge Steinum (Ap).

42 søknadar er innstilt

Om formannskapet vel å følgja innstillinga slik den står, vil tildelinga sjå slik ut:

• Kongshaug musikkgymnas - Konsertforestilling «Til deg» - 10.000

• Tilslørte bondepiker - Fem års jubileum, konsert - 10.000

• Os skulekorps - 60 års jubileum, konsert - 50.000

• Durmålslosjen - Mikrofilmfestival - 20.000

• Oldtimers Bigband - Konsert i Oseana med Tils.bondep. - 10.000

• Fortidsminneforeningen, Os - Handverk i Bjørnafjorden - 20.000

• Sløydgruppa - Sløyd/trehandverk for barn - 10.000

• Os Dykkeklubb - Luftkompressor - 30.000

• Os Roklubb - Årer til dobbeltfirer - 30.000

• Os Turlag - Barnas Turlag/Turboklubben - 20.000

• Søre Øyane Grendalag naturb.hage - Materialer, klopper i eventyrløypa - 10.000

• Os skulekorps - Instrumenter og utstyr - 100.000

• Søre Neset ungdomslag - Utstyr til ballett og rekvisitter - 20.000

• Os Sogelag - Utstyr registr. avbilder/film mm. - 50.000

• Os Padleklubb - Barnekajakk og padlevester - 50.000

• IL Øyglimt - Utstyr til trampett - 50.000

• Søfteland hundepark - Utstyr til etablering av hundepark - 10.000

• Lysekloster Idrettslag - Lysekloster cup - 10.000

• Redd Barna Cup - Redd Barna Cup 2019 - 10.000

• Os Turn Fotball - Eat/move/sleep cup 2019 + utstyr - 30.000

• Søfteland TIL - STIL-fotballcup - 10.000

• Søfteland TIL - Friidrettsstevne - 10.000

• Lysekloster idrettslag, friidrett - Friidrettsstevne for barn - 10.000

• Jentefotballdagen - Jentefotballdagen - 10.000

• Guttehandballdagen - Guttehandballdagen - 10.000

• Os juniorbridgeklubb - Bridgeleirar for ungdom - 15.000

• Oseana kunst- og kultursenter - Div. prosjekt for barn og ungdom - 30.000

• Os skulekorps - Individuell musikkopplæring - 50.000

• CISV Os - Utgifter til kokk på barneleir - 20.000

• Stiftinga Det Historiske Tunet Lyngheim - Div. arrangement/verkstad - 30.000

• Folkeakademiet Os - Støtte til lokale lags kulturarr. - 20.000

• Os skulekorps - Korpskonkurranser/NM 2019 - 50.000

• Salt Os - Barnas dag - 10.000

• Lysefjorden Ride- og kjøreklubb - Kurs i trening, kosthold, dressur mm - 10.000

• Os sokneråd - Skapingsdagane, 3 dgr - 30.000

• Lyshornet skulebrass - Rekrutteringsseminar - 10.000

• Lyshornet skulebrass - Korpstur - 5.000

• Os orinteringsklubb - Utarbeiding av o-kart på Lepsøy - 10.000

• JUST3D Olsen - Drift/utstyr Bjørnefjorden rollespill - 30.000

• Kodeverkstedet - Utstyr koding/programmering/gaming mm - 20.000

• Tredreiere vest, Os lokallag - Tilskot dreiebenkar mm - 20.000

• Os sportsskyttarlag - Innkjøp av luftrifler - 40.000

Gode tider for 60-åringen Os skulekorps

Os skulekorps er allereie godt i gong med å feira sitt 60 årsjubileum i år. Dei siste åra har dei òg klatra seg opp frå tredje til første divisjon i NM.

Om innstillinga står seg gjennom formannskapet neste veke, er det nok grunn til å feira yttarlegare. Dei 250.000 kronene dei er innstilt på å få, fordeler seg på 100.000 til instrument og utstyr, vidare tre tilskot på 50.000 kvar til deltaking på konkurransar, individuell instrumentopplæring og jubileumskonsert.

Dei nye tiltaka klarer seg bra

Av tiltak som i sakspapira er samla under «Oppstart ny aktivitet», kan vi lesa at koding, programmering og gaming er i ferd med å etablera seg i kulturbildet i Os. Ny rollespel-klubb er òg inne med tilsagn om stønad.

At tredreiing og sløyd er aktivitetar som skapar aktivitet, kjem til syne ved at både Tredreiere vest, Os lokallag og Sløydgruppa ligg inne med tilsagn om støtte frå kommunen.

Endeleg avgjerd i saka blir i formannskapet sitt møte neste tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.