Kan få Spellemannspris
Orbo & The Longshots er nominert til Spellemannsprisen 2008.


Dei første 2500 eksemplarane av Orbo sitt tredje album, "High Roller", blei selt raskt unna. Nye eksemplar blei produsert, og Ole og longshotane hadde eit tett konsertprogram i året som gjekk.
- Vi fekk mykje merksemd, men med denne nominasjonen kan det nok koma til å skyta fart, trur Orbo.
I dag klokka 10 blei lista over nominerte lagt fram, og Orbo & The Longshots er nominert i kategorien "blues" saman med Good Time Charlie og Rita Engedalen.
- Eg har håpa på ein nominasjon før, men aldri tort å tru. Dette kom som ei stor, positiv overrasking, seier den innflytta osingen, på veg heim frå pressekonferanse i Oslo.
Sjå alle nominasjonane på BA.no
- Korleis går det med låtskrivinga? Blir det ny USA-tur og innspeling i år også?
- Vi skal spela inn plate ganske snart. Det er uvisst kvar ho skal spelast inn og kor tid ho kjem ut, seier Ole, og verkar litt løyndomsfull.
Spellemann 2008 blir arrangert i Oslo Spektrum laurdag 24. januar 2009.