Lokal | 30. aug. 2016

Kan få tilbake areal frå augestikkaren

Lyseparken: Terje vs Torvlibelle ser ut til å få eit nytt kapittel. – Verdiar på rundt 100 millionar står på spel, seier Søviknes.

Kan få tilbake areal frå augestikkaren
Terje Søviknes viser stor torvlibelle sitt habitat (dammen under handa) og heile det 200 mål store området som blei grønt på kartet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. aug. 2016 11:34

Under dagens frukostmøte med næringslivet, i regi av Os Næringsråd, var ordførar Terje Søviknes invitert for å informera om status på ulike prosjekt i kommunen.

Etter å ha snakka om blant anna arealplan og områderegulering av Os sentrum kom han inn på Lyseparken, det komande næringsområdet i Endelausmarka ved ny E39.

Her har Os kommune ei ny sak på gang. Då den kjente augestikkaren stor torvlibelle blei funnen, stakk den ikkje berre kjeppar i hjula for framdrifta og økonomien, med ny sving og bru som måtte inn i prosjektet - det viktige vernet av arten gjorde at eit område på heile 200 mål blei verna.

– Eg er glad vi fann ei god løysing, men det blei veldig mange mål, store verdiar for Os kommune, som forsvann ut av dei opprinnelege planane.

Ikkje freda lenger

Lyseparken blei delt i to felt av fredinga av habitatet til augestikkare, med 295 mål i nord og 203 mål i sør.

– I 2015 endra status seg, stor torvlibelle er ikkje lenger freda, arten er levedyktig.

Dette gjer at Os kommune vil undersøka med Fylkesmannen korleis Bernkonvensjonen stiller seg til at augestikkaren sitt habitat blir noko redusert.

– No er terrenget der vassdraga ned til augestikkaren sitt habitat verna. Vi vil sjå om dette arealet kan bli frigjort og utviklast saman med resten av Lyseparken, sa Søviknes.

– Vil bygga på heile området

Med fleire funn av augestikkararten andre stadar i Sør-Noreg håper Søviknes at det ikkje lenger er naudsynt å verna habitatet i Endelausmarka.

– Kor stor del av området er det du håper å kunna bygga på?

– Heile. Når denne likevel ikkje er freda håper eg at vi kan gå tilbake til dei opprinnelege planane og innlemma området i Lyseparken igjen.

– Store samfunnsinteresser står på spel langs dette korte stykket av ny E39 som er ute i dagen og 200 mål er mykje pengar. Terrenget er noko kupert og du får gjerne ikkje nytta alt, men det kan vera snakk om summar på rundt 100 millionar kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.