Kultur | 05. mai 2011

Kan gjera eit KUP!

Oseana kan bli Festspill-avdeling og fylkesrådmannen innstiller på økonomisk støtte i form av KUP-midlar.

Kan gjera eit KUP!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mai 2011 05:21

Knappe 50 dagar før opninga kjem det godt Oseana-nytt frå Hordaland fylkeskommune.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen innstiller på 180.000 kroner til å etablera ei Festspillhelg/Festspillsatelitt i Oseana.

I tillegg vil den øvre leiaren i fylket gje 500.000 kroner til Havfest, folkeoperaen som er hovudsatsinga under opningsfestivalen 17. - 26. juni i år.

– Det ser ut til at Oseana og Havfest får full klaff på sine søknadar om KUP-midlar, seier ordførar Terje Søviknes nøgd.

Prosjektet Festspillsatelitt tar sikte på å etablera ei eiga festspelhelg i Oseana i høve dei årlege Festspillene i Bergen.

– Dette kan vera starten på eit langvarig samarbeid mellom Oseana og Festspillene i Bergen, slik begge partar lenge har hatt ønskje om.

KUP står for Kulturelt Utviklings Program, og er ei nyvinning som fleirtallskonstellasjonen FrP/H/KrF innførte i Hordaland fylkeskommune i fjor. For 2011 skal det i alt delast ut 6 millionar kroner, og det er kultur- og ressursutvalet som endeleg avgjer saka i sitt komande møte 10.mai.

– Uansett er mykje gjort når fylkesrådmannen er positiv innstilt til Oseana/Havfest sine søknadar. Går dette gjennom i kultur- og ressursutvalet får vi ein pangstart for det det kulturelle tilbodet som skal bli presentert i Oseana dei neste åra, seier Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.