Kan ha funne kjøpar til Hordfast-aksjane

Vil koma med bod i løpet av veka.

Ordførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp) vil selja kommunen ut av Hordfast. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 05. okt. 2020 14:32

Os kommunestyre avgjorde i april 2018, med 18 (Frp og Høgre) mot 17 stemmer, at kommunen skulle kjøpa seg inn i selskapet.

I tidleg juni 2020 kom nyheita om at Bjørnafjorden kommune ville selja seg ut av lobbyselskapet.

I kommunedirektør Christian Fredrik Fotland sitt framlegg til vedtak sa han mellom anna at: «Bjørnafjorden kommunestyre gir ordførarfullmakt til å avhende kommunen sin aksjepost i Hordfast AS. Fram til aksjeporteføljen er avhenda fråseier Bjørnafjorden kommune seg retten tilstyreplass i Hordfast AS og kommunen sin representant, inkl vararepresentant, trer ut av styret.»

16. juni vart salet vedteket av kommunestyret i Bjørnafjorden kommune med 18 (Ap, Sp, MDG, SV, KrF og Harald Lekven uavh) mot 17 (Frp, Høgre og Magne Djuvik uavh.) stemmer.

I eit lesarinnlegg publisert 12. juni sa Atle Kvåle, gruppeleiar Arbeidarpartiet, Terje Sperrevik (Sp), Nils-Anders Nøttseter (MDG), Bjarte Samnøy (KrF), Asle Olsen (SV) og Harald Lekven (uavhengig) at sjølve pengesummen er beskjeden, men salet er viktig for lokaldemokratiet.

I dag fortel NRK.no at Naturvernforbundet i Hordaland, med fylkesleiar Gabriel Fliflet i front, har vist interesse for å kjøpa dei fem aksjane i Hordfast AS som Bjørnafjorden kommune eig.

Ingen andre interessentar

«Interessa for å kjøpa aksjane kan vera begrensa, med tanke på selskapet sin eigenart» sto det i sakspapira i juni.

«Kjøpet av aksjane i Hordfast AS var, slik kommunedirektøren vurderer det, eit meir politisk motivert kjøp enn eit forretningsmessig kjøp».

Til NRK.no seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap), at ho ikkje har fått svar frå nokre av dei andre aksjeeigarane om å kjøpa Bjørnafjorden sine aksjar.

NHO eig 100 av dei 143 aksjane i Hordfast AS. Dei resterande aksjane er fordelt mellom ni kommunar inkludert Bjørnafjorden, og næringsråda i Bergen, Stord, Bømlo, Haugaland og Stavanger.

Fliflet i Naturvernforbundet seier at ønsket om å kjøpa aksjeposten vert gjort i sympati med Bjørnafjorden kommune.

– Dette gjer me i sympati med kommunen, som trekker både støtta og eigardelen sin. Me forstår godt at dei vil selja seg ut og at ingen andre vil kjøpa aksjane deira. Ein kan ikkje byggja framtida ved å byggja ned rik natur og femdobla trafikken, seier Fliflet.

Om Naturvernforbundet seier får kjøpa aksjane vil dei legga fram forslag om å legga arbeidet på is. Dei vil koma med eut bod i løpet av veka, men dette vil vera nærmare 5.000 kroner enn dei 100.000 kronene Os betalte for aksjane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.