Lokal | 21. mai 2010

Kan ha tatt storseljar

I førre veke blei ein osing pågripe og varetektsfengsla i fire veker, mistenkt for omfattande sal av narkotika.

Kan ha tatt storseljar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. mai 2010 12:04

Onsdag i førre veke blei ein osing i 30-åra pågripe, mistenkt for sal av narkotika.

- Vedkomande er varetektsfengsla i fire veker, med restriksjonar, stadfestar politiadvokat Liv Karlsen.

Det blei gjort eit større beslag av narkotika hos mannen då han blei arrestert. Kor mykje og kva type stoff vil politiet ikkje ut med.

- Eg kan av omsyn til etterforskinga ikkje seia så mykje meir om saka enno.

Mannen som er arrestert er tidlegare domfelt i narkotikasak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.