Kan Hanne hamna i Hollywood?

Hanne Catrine Andersen (25) tar seg eit friår frå vegkroa for å studera skodespelarfaget i Los Angeles. I går hadde ho første skuledag.

Hanne Catrine Andersen ved skulen ho starta på i går. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. jan. 2015 11:10

Bildeserie:

Santa Monica Beach, der Hanne og venane feira nyttår. (Privat foto)
Hanne Catrine (t.h.) har reist frå familien og Er-An Veikro for å studera skodespelarfaget i L.A. (Arkivfoto: KVB)
I USA blei det først litt ferie, blant anna i San Fransisco. (Privat foto)
Med seg hadde ho venane Therese og Aleksander, her i Friends-sofaen. (Privat foto)
Grand Canyon. (Privat foto)
Venice Beach. (Privat foto)
Santa Monica Beach, der Hanne og venane feira nyttår. (Privat foto)
Hanne Catrine (t.h.) har reist frå familien og Er-An Veikro for å studera skodespelarfaget i L.A. (Arkivfoto: KVB)
1 av 6
Hanne Catrine (t.h.) har reist frå familien og Er-An Veikro for å studera skodespelarfaget i L.A. (Arkivfoto: KVB)
I USA blei det først litt ferie, blant anna i San Fransisco. (Privat foto)
Med seg hadde ho venane Therese og Aleksander, her i Friends-sofaen. (Privat foto)
Grand Canyon. (Privat foto)
Venice Beach. (Privat foto)
Santa Monica Beach, der Hanne og venane feira nyttår. (Privat foto)

Våren 2013 opna ho den USA-inspirerte vegkroa på Røykenes saman med mamma Linda Furhovde Andersen, no har Hanne Catrine flytta til USA for å studera.

– Det er kjempekjekt å vera med på å bygga opp ein restaurant saman med mamma, og eg kjem til å sakna vegkroa. Men no er den oppe og går og det er rom for at eg kan ta eit år permisjon for å læra meir om ei anna interesse eg har. Eg kjem tilbake, men dette blir eit interessant og kjekt avbrekk, seier Hanne Catrine til Midtsiden tysdag kveld, etter første orienteringsdag ved skulen.

Hanne Catrine har tetatererfaring frå før, på og bak scenen, blant anna saman med mamma i «Desembergata 24», som har vore sett opp både i ungdomshuset på Haugland, i Fjellheim og i Oseana. Men ho har også gått skule i retning scenekunst.

– Då eg gjekk på vidaregåande skule gjekk dramalinja i Fyllingsdalen. Der var det teater heile dagen og på kveldane. Vi sette blant anna opp Hobbiten mens eg var elev der.

No vil Hanne Catrine prøva skodespelarfaget og då var filmhovudstaden Los Angeles eit naturleg mål.

Opptak, ferie og innflytting

Etter nokre søk på nett fann ho New York Film Academy, som har skular over heile verda, blant anna i L.A.

Etter å ha søkt via nett, skrive eit essay om seg sjølv og gått gjennom eit intervju per telefon var skuleplassen i boks. Så skaffa ho seg leilegheit og for ein månad sidan reiste ho til USA for litt ferie og for å koma på plass før skulestart.

– Det er naturlegvis litt skummelt å reisa frå trygge Os til store L.A., men eg har reist ein del før og hadde dessutan med meg to utruleg gode venar, Therese Hatlevik og Aleksander Sunde Iversen, som var reisefølgje på ferien i forkant og god flyttehjelp då eg skulle innreia leilegheiten.

På ferien fekk dei tre oppleva både Grand Canyon og San Fransisco, og dei har møtt Justin Timberlake i Las Vegas. I L.A. har dei besøkt Warner Bros og Universal Studios, nyttår feira dei i Santa Monica.

Så var det kvardag, med oppretting av amerikansk konto, amerikansk simkort til mobiltelefonen og ein tur til Ikea for å finna møblar til husværet.

– Eg bur i Glendale mens skulen ligg i Burbank. Du bruker berre ti minutt med bil på denne distansen, om det ikkje er kø, noko det nesten alltid er. Førebels har eg ikkje amerikansk førarkort, men når eg får det så kjem eg til å kjøpa meg bil, for kollektivtilbodet i California er ganske dårleg. No bruker eg halvannan time med buss for å koma meg til og frå skulen.

Får lærdom frå dei beste

Førsteinntrykket av skulen er veldig braog forventningane er store. Hane Catrine fortel at New York Film Academy i L.A. har eit veldig bra skodespelarprogram og at elevane har tilgang på Universal Studios.

– Skulen har ein filosofi som handlar om mykje praktisk opplæring, learning by doing, og om å jobba og samarbeida på tvers av dei ulike filmfaga. Sånn blir det også laga eit nettverk av folk som ønskjer å jobba i bransjen.

– Allereie desse første dagane skal vi få testa oss. Vi startar med entrance exam, der vi skal framføra ein monolog for styraren i the acting department, og ein jury. Styraren har blant anna vore med i produksjonen av Pretty Woman.Entrance exam handlar ikkje om å sila nokon ut av skulen, men å plassera oss som studentar.

Også foredragshaldarane som gjestar skulen er kjente namn frå Hollywood, folk som Steven Speilberg, Al Pacino og Kevin Spacey har tidlegare gjesta skulen, gjeve tips og svart på spørsmål.

Heim til driveinkino - eller vidare til Hollywood?

Hanne Catrine ser førebels ut til å ikkje ha for høge ambisjonar om å bli filmstjerne over natta.

– Eg gjer dette fordi eg vil prøva noko anna enn teater, og fordi eg alltid har vore ein filmentusiast.

– Skuleåret varer til oktober og truleg er eg heime til vi kjører driveinkino på Er-An Veikro igjen til hausten.

Men samtidig ligg det eit visst håp om at skulen kan føra til noko meir.

– Eg har inntrykk av at New York Film Academy er veldig opptatt av å hjelpa kvar enkelt inn i bransjen, både ved å gje god teoretisk og praktisk opplæring, éin til éin-undervising og ved at dei har eit eige kontor som hjelper deg med neste steg når studiet er over.

Etter endt studie blir det gjeve arbeidsløyve til elevane, innan det faget dei har tatt.

– Vi får sjå om det opner seg nokre dører, det blir i så fall ein bonus.

– Eg føler meg uansett veldig heldig som har fått denne sjansen. Byen og skulen er kjempespennande og dette ville ikkje vore mogleg for meg om ikkje vi hadde fått ein så flott start med kroa. Det kan vi takka dei fantastiske kollegaene våre for! seier Hanne Catrine til Midtsiden før andre skuledag i Los Angeles.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.