– Kan ikkje knyttast til utestadane
Nær 30 prosent auke i valdssaker i Os kommune i 2016. Sjå krimstatistikken her.
– Valden skjer stort sett i den private sfære og kan ikkje knyttast til utestadane, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.
I kommunestyret tysdag orienterte lensmann Oddbjørn Dyrdal om kriminalstatistikken for 2016, kor ein kan lesa at talet på valdssaker har auka nær 30 % frå 67 i 2015 til 87 i 2016.
– Det har vore oppgang i valdssakar dei to siste åra. Desse skjer stort sett i den private sfære og er ikkje så mykje ute i offentlegheiten og ved utestader. Der har vi registrert ein nedgang, så valdssakene kan ikkje knyttast opp mot utelivsbransjen, fortalde lensmannen.
Vanskeleg å førebyggja
At dei fleste valdssakene skjer i private heimar og i lukka lag er med på å vanskeleggjera politiet si oppgåve.
– Det er beklageleg at det skjer i private hus og heim fordi det er vanskeleg for oss å førebyggja. Eg vil oppmoda om at kva og ein tenkjer gjennom kva ein gjer. Desse sakene er gjerne knytta til rus og beruselse, forklarte Dyrdal.
Ekstremt mange som køyrer i rus
Eit relatert område som uroar lensmannen er køyring i ruspåvirka tilstand.
– Vi har ein veldig høg kontrollverksemd i trafikken, og veldig mange sanksjonar på dette området generelt sett.
I 2016 kontrollerte partruljer frå lensmannskontoret 3563 køyretøy, noko som førte til 347 reaksjonar, kor av 109 anmeldelser, 92 forenkla forelegg, 43 gebyr, 37 skriftlege pålegg og 66 avskiltningar.
– Dette gir ein reaksjonsprosent på 9,7, medan måltalet var 6 %. Eg tykkjer statistikken er veldig høg på E39, samenlikna med resten av politidistriktet. Rus og ruskøyring er ukentleg og det er rart om vi ikkje har mellom to og fem nye saker på køyring i ruspåvirka tilstand etter kontroller ei helg. Dette er alt for høg må gjerast noko med. Det er alt for mange som blir drepne i trafikken, slo lensmannen fast.
– Du nevner E39 spesielt, er det gjennomgangstrafikken, tungtransporten eller vår lokale trafikk som også køyrer på E39, som er det største problemet, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG).
– E39 er hovudfartsåra, det er der det er mest trafikk og mest treff, men ingen skal føle seg trygge uansett om dei køyrer i Hegglandsdalen, Langedalen eller andre stader i kommunen. Vi er der òg.
– Når det gjeld spørsmålet ditt, så er det ikkje dei som bur i Os som står for talla, det er nok meir gjennomgangstrafikken, men òg tungtransporten, svara Dyrdal.
Kriminalstatistikken for 2016
Grunna omlegging av straffeloven i 2015 er ikkje tala samenlignbare med tidlegare år. Spesielt gjeld dette på økonomi og vinning.
Tala på saker innan dei ulike kategoriane for 2016:
Økonomi - 92
Vinning - 172
Vald - 87
Sedeleghet - 22
Narkotika - 107
Skadeverk - 44
Miljø - 6
Arbeidsmiljø - 2
Trafikk - 215
Anna - 140
Undersøkelsessaker - 52
Total for 2016 - 939