Sport | 05. des. 2016

Kan jubla over penger tilbake

Idrettslaga i Os får tilsaman 1 486 893 kroner i vare- og tenestemomskompensasjon for 2016. Mest får Os Turn med heile 427 690 kroner.

Kan jubla over penger tilbake
Idrettslaga, her representert med ivrige fotballspelarar på fabelaktig fredag, kan jubla over nær 1,5 millionar i momskompensasjon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 05. des. 2016 18:37

Måndag offentleggjorde Noreg Idrettsforbund den rekordstore utbetalinga til idretten etter den såkalla ordninga for kompensasjon for vare- og tjenestemoms for 2016. Heile 348 millionar kroner blir tilbakebetalt til idrettslaga, noko som er 20 millionar meir enn i fjor.

– Det er særs gledeleg at utbetalingane for kompensasjon for vare- og tenestemoms stadig auker for kvart år. Samstundes så blir det fortsatt ikkje kompensert krone for krone, noko vi naturlegvis jobbar for å få til.

– Når det er sagt er momskompensasjon blant dei viktigaste ordningane når det gjeld rammevilkåra for idrettslaga, og som sørgjer for at idrettslaga ikkje blir beskatta for frivillig arbeid, seier idrettspresident Tom Tvedt i ei pressemelding.

23 lag får penger igjen

Oversikta frå idrettsforbundet syner at 23 lag frå Os har krevd, og fått, momskompensasjon for 2016.

Størst er Os Turn som får igjen 427 690, tett følgd av Bjørnefjorden Golfklubb med 259 148 og Lysekloster IL som får 173 788 kroner.

Her er oversikta over laga frå Os:

Bergen og omegn modellbilklubb - 7 076
Bjørnefjorden Golfklubb - 259 148
Cykle-klubben Henie - 5 915
Hegglandsdalen IL - 11 239
IL Øyglimt - 13 921
Jadakameratene - 5 374
Lysefjorden Ride og Kjøreklubb - 11 798
Lysekloster IL - 173 788
Moldegaard Ryttersportsklubb - 20 454
Nore Neset IL - 129 131
Opptur Motbakkeklubb - 2 466
Os Aero klubb - 31 531
Os Biljard og Snookerklubb - 8 375
Os Kobudokan Karateklubb - 14 647
Os MC & MX Klubb - 8 176
Os Orienteringsklubb - 3 889
Os Roklubb - 32 007
Os Seilforening - 119 216
Os Svømmeklubb - 18 259
Os Tae Kwon-Do Klubb - 14 940
Os Turnforening - 427 690
Søfteland TIL - 60 830
Søre Neset IL - 32 023

Totalt til idrettslag i Os - 1 486 893
Totalt i Hordaland - 32 028 641

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.