Kan koma butikk på Halhjem
Plan- og bygningsutvalet godkjente oppstart av detaljregulering.
Det har i fleire år vore etterspørt ein butikk i Halhjemsområdet, ikkje minst har temaet blitt meir og meir aktuelt etterkvart som Halhjemsmarka har blitt bygd ut.
På møtet i Plan- og bygningsutvalet torsdag godkjente politikarane oppstarten av ei detaljregulering av tomta som ligg mellom Marivegen og Halhjemsvegen.
– Dette er eit godt initiativ, fastslo Gustav Bahus (Frp).
Krev konsekvensutgreiing
Det er ABO Plan og Arkitektur som på vegne av tiltakshavar har fremja den private reguleringsplanen. Området ligg i dag som LNF-område i arealplanen for kommunen.
I saksframlegget kjem det fram at tiltakshavar meiner planen ikkje krev konsekvensutgreiing, men det var ikkje kommunen einig i.
«Os kommune støttar ikkje dette synet. Det styrande argumentet for å krevje KU er at planen strir mot kommunens arealplan, og i tillegg har eit betydeleg omfang og reiser spørjeteikn kring viktige emne som samferdsle, infrastruktur og støybelastning.
Planområdet er i dag avsett til LNF og det er gjeve uttale frå landbrukskontoret i saka. Denne konkluderar med at «......tiltaket kan føre til drifts- og miljøulemper for landbruksdrifta i området».
...Når det gjeld konsekvensane av tiltaket på naturmangfaldet i planområdet så har forslagstillar synleggjort at dette truleg ikkje vil vere av negativ karakter eller i stort omfang. Det er imidlertid knytt usikkerheit til landbruksverdiane i området. Kva konsekvensar tiltaket vil ha for desse må utgreiast nærare i det vidare arbeidet...», skriv administrasjonen i sin argumentasjon.
Butikk og leilegheiter
Tiltakshavar seg for seg ei to-delt utbygging kor ein i første byggjetrinn set opp eit bygg på fleire etasjar, med ein butikk på om lag 1100 kvadratmeter i første høgda.
I andre trinn ser ein for seg å byggja yttarlegare 19 leilegheiter. Parkering vil ein løysa i kjellaren.
Truleg vil det ta cirka eit år før detaljreguleringa kan vera på plass, kjem det fram i saksutgreiinga.
Oppstarten blei godkjent av plan- og bygningsutvalet med Frp og Høgre sine fem røyster.