Lokal | 09. jan. 2021

Kan komma mykje snø i helga

Gult farenivå i Vestland fylke.

Kan komma mykje snø i helga
Meteorologane melder at det kan komma godt med snø i helga. Her frå Hatvikvegen i januar 2019. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlaurdag 09. jan. 2021 08:42

På torsdag kunne du lesa at det ligg an til sesongstart i alpinanlegget Eikedalen no i helga.

– Vi fekk bra med snø i romjula, og har no produsert nok påfyll i form av kunstsnø til at vi kan opna dei to heisane i barneområdet, kunne dagleg leiar Fredrik Tønjum fortelja.

– Kjem det nok snø natt til søndag er det mogleg at vi òg opnar Setertrekket søndag, så ungdom og vaksne får ei litt lengre løype å boltra seg i.

Gult farenivå i heile fylket

No ser det ut til at heile fylket kan venta seg eit solid påfyll med snø denne helga.

Yr.no skriv at det laurdag ettermiddag kveld og søndag er det venta periodar med sludd og snø i lavlandet. Lokalt kan det komma 10-20 cm. frå laurdag og inn i søndagen. I fjellområda kan det komma mer.

Vinden skal i Bjørnafjorden laurdag variera frå lett bris til svak kuling, mens det på søndag er venta lite eller ingen vind.

Berekn god tid

Vegtrafikksentralen vest oppmodar på Twitter trafikantar til å køyra etter forholda og berekna god tid.

Det er venta vanskelege køyreforhold på fjellovergangane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.