Kan nå begge måla
Handballdamene til Os tapte i serieavslutninga, men tok likevel andreplassen. - Med 2. laget som kjempar om opprykk ligg vi godt an, seier Lyssand.
Før sesongen sette trenar Erlend Lyssand seg eit mål om at han skulle leia dei to øvste damelaga til Os til betre plasseringar enn fjorårssesongen.
- Vi meinte det var eit realistisk mål å ta 2. plassen i 2. divisjon. Fana visste vi kom til å bli tøffe.
- Samstundes sette vi fokusen også på 2. laget i 4. divisjon for å prøva å løfta dei ein divisjon opp, fortel Lyssand.
Bakgrunnen for måla er ifølgje Lyssand å gje eit topp sportsleg tilbod til damestallen når det no etterkvart kjem fleire talentfulle jenter opp frå aldersbestemte klassar.
- Jentene har vore fantastisk tru mot målsettingane og bidrege gjennom heile sesongen på begge laga, skryter Lyssand.
- Ein dårleg handballkamp
Torsdag serieavslutta førstelaget med heimekamp mot Kvinnherrad. Ein kamp som enda med eittmålstap 18-19.
- Det var ein litt trist avslutning på ei god periode, men likevel var det store lyspunkt.
Lyspunkta Lyssand siktar til er dei 16-år gamle jentene Julianne Hjelle og Vilde Brattabø som debuterte på seniornivå.
- Vi valte å bruka dei to mest heile andre omgangen. Dei gjer begge ein kjempekamp og teiknar seg på skåringslista.
- Det viser at dei unge jentene som no er i ferd med å bli gamle nok til å spele seniorhandball har det i seg og kan bidra også på dette nivået.
I tillegg til dei to ungjentene trekk Lyssand fram keeperane Vibeke Ingebrigtsen og Eva Kristiansen som to viktige spelarar.
Os-Kvinnherrad 18-19 (10-8)
Utv: Os 0, Kvinnherrad 1x2 min
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Eva Kristiansen, Madeleine Hjertnes 6, Tonje Hjertnes 1, Line Hjelle 1, Hilde Kristine Røttingen 2, Elise Hjelle 3, Trine Balland 2, Julianne Hjelle 1, Vilde Brattabø 2, Line Borsholm, Marie Haringstad.
93-35 på to kampar
Medan førstelaget er ferdige med serien hadde andrelaget framleis fire kampar igjen.
I helga tok dei unna to av dei mot henhaldsvis Viking 2 og Årstad 3 når dei blåste dei to førstedivisjonklubbane sine lag praktisk talt av banen med 33-18 og 60-17.
- Mot Viking speler vi ein fantastisk god kamp. Jentene har ein kjempeinnstilling og vil verkeleg vinne kampen, fortel Lyssand.
Ostrenaren har prioritert andrelaget på sluten av sesongen og har mellomanna henta storskyttar Irene Tangerås ned for å hjelpe.
- I denne kampen viser Irene saman med Madde (Madeleine Hjertnes, journ.mrk) og Trine (Balland, journ.mrk) kor godt samspelte dei er.
- Det er rett og slett ein klasseforskjell på det desse jentene driv med og det Viking viste fram, smilar ein nøgd Lyssand.
Som på førstelaget var keeperen også ein viktig faktor.
- Andrea Merai gjer ein kjempekamp bakerst.
Eitt i minuttet
Eineste spenninga i kampen mot Årstad 3 på sundag var om Osdamene skulle klare å settja ny klubbrekord med å skåra meir enn 67 mål. Årstad slit med ein tynn stall og stiller til kampen med berre 6 spelarar.
Osdamene når ikkje heilt klubbrekorden, men skårar likevel eitt mål i minuttet og vinn heile 60-17!
Bli med til Voss
Torsdag venter Sotra 2 før avgjersla om kven som rykker direkte opp frå 4. divisjon blir avgjord måndag om ei veke då Os reiser til Voss.
- Eg håpar handballinteresserte osingar tek turen saman med oss slik at vi utlignar heimefordelen til Voss.
- Slår vi Voss er vi klare for 3. divisjon, så enkelt er det, slår Lyssand fast.
Sjølv med eit tap kan Os vera klare for 3. divisjon, men risikerar då å måtte spele kvalifisering mot eitt av laga som i dag speler i 3. divisjon.
Den avgjerande kampen spelast klokka 1900 i Voss idrettshall.
PS. Det tredje seniorlaget til Os som spelar i 6. divisjon rykka laurdag opp til 5. divisjon etter å ha tapt med eitt mål mot Salhus på bortebane. Sidan dei vann mot Salhus med to heime går dei framfor konkurrentane på innbyrdes oppgjer. Os 3 avsluttar sesongen onsdag kl 2030 heime i Oshallen mot Lindås.