Mats Cato Moldskred i NM-runden mot Fana i vinter. I morgon kan alle spela utan hanskar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kan Os vinna på årets fjerde forsøk?

Os har betre historikk enn Fana inn mot morgondagens batalje.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os står med tre kampar på rad utan tap. I dei to siste har dei tatt fire poeng mot to topplag.

Fana slo Os både i treningskamp i vinter (0-2), i NM (1-0) og i serien (4-1) i vår, men har fire kampar på rad utan siger.

Laurdag (kl 15) møtest dei på Kuventræ.

– Viser styrke kampen ut

Etter poengdeling med Djerv 1919 og siger borte over Vard Haugesund har Endre Brenne håp om heimesiger i morgon.

– Eg føler vi var på høgde med topplaga i vår òg, men vi er sterkare no. Dei svake periodane er kortare, og vi forsvarer oss betre. Dei siste kampane har nok òg vore godt for sjølvtilliten til gutane, som verkeleg viser at dei står på kampen ut.

Mot Vard henta dei seg inn igjen to gongar og avgjorde på overtid.

– Eg trur det kan bli ein kjekk kamp i morgon. Publikum har vore gode støttespelarar i heile år, og kan kanskje heia oss fram til siger i morgon.

Større stall før møtet med Os 

Morgondagens kamp blir tidlegare Os-assistent Ørjan Håland sin første på Kuventræ som Fana-trenar.

– Vi kjenner kvarandre godt, og vi er litt like, begge med mange unge spelarar og noko varierande resultat i vårsesongen, seier Håland.

Etter uavgjort borte mot Vestfossen og heime mot Sogndal 2, blei det tap både for Fyllingsdalen og Stord etter ferien.

– Vi starta haustsesongen med seks mann i manko, tre stykker ute med karantene, tre ute med skade. No er vi på veg tilbake, og eg har ein større stall å henta tropp frå no, enn dei førre rundane.

– Men sjølv om vi har slått Os i NM og i serien, trur eg det blir spennande i morgon, og eg trur det blir ein kamp med mykje god fotball!

Kjempar om viktige poeng

Os ligg på 8. plass med 18 poeng, 7 poeng bak Stord på 4. plass.

Fana ligg på 6. plass med 24 poeng, 7 poeng bak Djerv 1919 på toppen av tabellen.

Fleire saker