Sport | 25. okt. 2013

Kan rykka opp til 3. divisjon

Damelaget til Os avslutta serien med siger og er klare for kvalifiseringskampar.

Kan rykka opp til 3. divisjon
Lillian Korneliussen sikra kvalik-plass til Os med 0-1-skåring rett før slutt. Her då ho skåra i førre kamp, som gjekk mot Stord. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. okt. 2013 07:42

Søndag spelte Os sitt damelag sin siste seriekamp i år, og tok sin 6. siger på dei siste 7 kampane.

– Men sigeren sat langt inne, seier trenar Cato Moldskred.

Heime vann Os 7-1 over Bjørgum, borte sette Lillian Korneliussen inn 0-1 rett før slutt.

– Dei fleste laga i denne divisjonen stiller med ein del sterkare mannskap på eigen bane, i tillegg var vi svake. Damene fekk seg ei oppstramming i pausen og kom seg litt i 2. omgang.

Ikkje avgjerande

Avdelinga Os speler ikkje har ikkje noko koordinert seriefinale, fleire av kampane er framleis ikkje spelte.

– Eg synest det er svakt av kretsen å ikkje setja ein felles sluttdato, men for vår del er det avgjort.

Først onsdag blei det dessutan klart at sigeren på sundag likevel ikkje var avgjerande, Os hamna på 2. plass med grei margin.

SJÅ TABELL

Uviss dato - og motstandar

I morgon speler herrelaget til Søfteland siste og avgjerande kvalik-kamp på heimebane.

Kor tid Os sitt damelag får kvalifiseringskampar, og mot kven, er førebels ikkje bestemt.

I naboavdelinga står det nemleg også fleire kampar igjen å spela.

Det ser ut som om kampen om 2. plassen står mellom Hordabø, Stord og Nordhordland.

SJÅ TABELL (Os si naboavdeling)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.