Lokal | 13. juli 2018

Kan slakta 20.000 fisk i timen

Slaktebåten «Aqua Merdø» vitja Os hamn fredag morgon.

Kan slakta 20.000 fisk i timen
«Aqua Merdø» la fredag morgon til i Os hamn (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 13. juli 2018 08:56

Fredag morgon fekk Midtsiden tips om ein svær båt som kom inn i Os Hamn.

– Den er høgre enn Os sjøfront, fortalde tipsaren.

Båten han snakka om var den 59,2 meter lange slaktebåten «Aqua Merdø» frå reiarlaget DESS Aquaculture. Båten blei overlevert frå Myklebust Verft så seint som 24. mai i vår.

Båten er ein slaktebåt med kapasitet på 20.000 fisk i timen og ein lastekapasitet på 400 tonn fisk. Til Os kom båten frå Storasund litt sør for Haugesund syner plottet på Marinetraffic. Kor vegen går vidare er ikkje opplyst, men fartøyet skal inn i ein tiårig kontrakt med Marine Harvest, så truleg går den vidare til eitt av oppdrettsanlegga i området.

Nøkkeltall «Aqua Merdø»:

  • Overlevert DESS Aquaculture: 24. mai 2018
  • Lengde: 59,20 m
  • Bredde: 13,60 m
  • Dybde: 5.90 m
  • Hastighet last/ballast: 12,5/14 knop
  • Lugarar: 11
  • RSW: 600 m³
  • Blodvann: 125 m³
  • Cargo hold: 400 tonn fisk
  • Drivstoff: 160 m³
  • Ferskvann: 30 m³
  • Ballast: 420 m³
  • Thrusters: 2 x 400 kW
  • RSW system: 2 x 200 kW
  • Stun & Bleed (24 channels): 20 000 fisk/timen
  • Lastesystem: 24 Kanal Stun & Bleed rig, BAADER
  • 24 Kanal vekt lomme system, BAADER/MARELEC
  • CIP Vaske system, 70 ⁰ C
  • Hovedmotor:1 x CAT C280-6, 1 900 BkW at 900 rpm
  • Hovedgir/Propell system: Brunvoll ACG600K / CP62, 4 blad, ø 2 800mm
  • Generator Set2 x CAT C18, 465 ekW at 1 500 rpm

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.