Lokal | 30. mai 2012

Kan ta over på Austevoll

Barnevernstenesta i Os gjer ein så god jobb at no vil Austevoll kommune kjøpe tenestane deira.

Kan ta over på Austevoll
Kommunalsjef Ingvar Torsvik ser på det å ta over barnevernstenesta på Austevoll som ei interessant utfordring for medarbeidarane i barnevernet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 30. mai 2012 16:00

I tenesteutvalet onsdag ba kommunalsjef Ingvar Torsvik tilslutning til å jobba vidare med ei avtale med Austevoll kommune om å ta over drifta av barnevernet deira.

- Dei har kontakta oss med spørsmål om vi kunne samarbeida om barnevernet hjå dei då dei slit med rekruttering og små tilhøve kor alle kjenner alle.

- Vi takka nei til samarbeid, men sa at vi vi kunne driva barnevernstenesta i Austevoll heilt og fullt. Eit samarbeid ville bli for byråkratisk, forklarte Torsvik.

Skal ikkje gå utover barnevernet i Os

Dei tilsette i barnevernet på Os har gitt uttrykk for at dei tykkjer dette er ein spennande idé og noko dei har lyst å vera med på.

- Dette høyrest spennande og positivt ut, men har vi kapasitet? undra Anders Hjelle (TvS).

- Om det går utover våre eigne tenester gjer vi det ikkje. Men vi vil få tilført ressurssane dei nyttar i dag og dermed få styrka også vårt eige barnevern.

- Når det gjeld det praktiske arbeidet ser vi for oss å nytta den kompetansen dei forskjellege medarbeiderane sit på avhengig av behov og kva sakar som kjem opp. Nokre er gode på familiesamtalar andre på andre ting. Dette skal vi utnytta til det beste, beroliga kommunalsjefen.

Austevoll må bæra risikoen

I Os har dei siste åra barnevernet hatt tildels store overskridingar knytt til einskilde tilhøve.

- Vi må ikkje låsa oss til ein fast sum Austevoll skal betala. Det er dei som må ta risikoen, presiserte Helge Olav Nygard (KrF).

Igjen kunne kommunaldirektøren roa politikarane med at det ville dei ha kontroll på.

- Finansieringa i barnevernet er todelt. Ein del i høve til driftskostnadar. Desse har vi hatt og har god kontroll på og går i balanse.

- Det er den andre delen som går på tiltaksbudsjettet som er uvissa, men i høve til sakane som kjem frå Austevoll så vil det framleis ligga til formannskapet på Austevoll å finna dekning for desse, så vi løper ingen risiko i så høve.

Ei annerkjenning

Det at Austevoll har kome til Os med spørsmålet om hjelp i staden for Fana bydel i Bergen ser Torsvik på som ei tillitserklæring i høve til medarbeidarane i barnevernet.

- At dei vel å koma til oss i staden for Fana så gir det ein positiv driv til dei som jobbar i Os. Det syner at dei gjer mykje riktig, avslutta Torsvik.

Tenesteutvalet tok saka til orientering og sendte ho vidare til formannskapet for handsaming og beslutning. Om dei politiske organa i Os og Austevoll går inn for løysinga vil overtakinga skje i løpet av hausten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.