Sport | 12. juni 2009

Kan ta tabelltoppen

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juni 2009 22:10

Tertnes låg framfor Os grunna betre målforskjell etter 8 rundar, men då dei fekk besøk av Voss onsdag blei 3-1-leiing til 3-3 og poengdeling med laget frå 3. plassen.

- Det er for tidleg å seia om dette er eit godt eller dårleg resultat for vår del. Magekjensla seier at det er Voss som vil stå løpet ut som sterkast av dei to, men Tertnes, som eg vann opprykkskampen mot med Baune, har utvikla seg jamt, seier Os-trenar Frank Hellevik.

- Men uavgjort mellom dei to er nok uansett bra, då blir det delt ut to i staden for tre poeng, legg han til.

God trend på bortebane
Laurdag er det Os sin tur til å spela 9. serierunde, og det borte mot Trio på jumboplass.

- Er du nøgd med siger i morgon, eller går du for å betra målforskjellen mot laget som berre har vunne éin av åtte kampar til no?

- Vi går for siger, målforskjell drit eg i. Os skal halda fram med den gode trenden på bortebane og ta med seg tre poeng heim frå Husnes i morgon.

Os har til no vunne fire av fire bortekampar.

Med siger klatrar Os forbi Tertnes og tar topplasseringa på tabellen med 24 poeng, to framfor Tertnes, sju framfor Voss.

SJÅ TABELL

Os stiller med dette laget mot Trio (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes (hb), Tony Skarvatun, Vegard Borgen, Remi Osebakken (vb), Tore Valvik (sentralt), Stian Lunde (v), Preben Borgen (h), Torkel Hjertnes (hk), Andreas Bjørnen (vk) og Tim Henrik Sperrevik på topp.

To sterke motstandarar før ferien
Etter denne kampen har Os to kampar igjen før sommarferien, mot dei to beste motstandarane i avdelinga.
Først er det Voss heime, ein publikumsvenleg laurdagskamp klokka 15 20. juni, så er det Tertnes borte laurdagen etter. I mellomtida har Tertnes Hovding borte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.