Sport | 08. mars 2015

Kan ta VM-sølv i kveld

Etter 2. plass på 1500-meteren vil Sverre Lunde Pedersen kjempa mot Denis Yuskov om VM-sølv på 10.000 i kveld.

Kan ta VM-sølv i kveld
Sverre Lunde Pedersen, her under 1500 meteren i Berlin (foto: Sander Hvammen)
Andris Hamresøndag 08. mars 2015 18:49

Etter ein svært sterk start på VM allround i Calgary kan Lunde Pedersen i dag ta sin første VM-medalje.

Han starta med 4. plass og ny personleg rekord på 500 meter og følgte opp med 2. plass på 5000-meteren laurdag ettermiddag.

No ligg han berre 0,7 sekund bak Sverre Kramer før den avgjerande 10.000 meter.

Fantastisk avslutting

I dag kjempa han seg inn på pallen for andre gong denne meisterskapen då han gjekk 1500 meter på tida 1.43.99.

Denis Yuskov vann med tida 1.42.92, noko som gjer at han leiar i samandraget med 8 sekund på Sverre og 7,3 sekund på Kramer.

– Sverre går for sølvet. Han skal kunne utfordra Yuskov, oppsummerte NRK sin ekspertkommentator Even Wetten, som reknar med at Sven Kramer blir for sterk på mil-løpet.

På 1500-meteren gjekk Sverre Lunde Pedersen mot kanadiske Denny Morrison.

Parkameraten opna distansen som han plar, i eit forrykande tempo. Sverre let seg ikkje stressa og går sitt eige løp.

– Dette er eit medaljeløp. Sverre sikrar seg tidenes sjanse for medalje i eit VM, konkluderte Vetten etter at Sverre hadde levert ei forrykande avslutning kor han slår Morrison og går inn til førebels leiing.

I siste par går Yuskov inn på 1.42.92 og slår Sverre på 1500-meteren, men osingen sikrar seg 2. plass på distansen og eit godt utgangspunkt før 10 000 meter.

Den kan du sjå på NRK 2 frå klokka 20.50.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.