Kan vera omstreifarar
Maskerte menn på Moberg: Politiet i Os har bedt om hjelp frå seksjon for organisert kriminalitet.


Klokka 14.05 onsdag blei to menn oppdaga ved eit hus på Indre Moberg. Det er ingen teikn til innbrot eller innbrotsforsøk på huset, men dei to sto ved inngangsdøra, var maskert, hadde ryggsekk på og peika med ein kniv mot vedkomande som oppdaga dei, før dei la på sprang frå staden.
Politiet blei varsla cirka 20 minutt seinare og var raskt på staden. Alt tilgjengeleg mannskap dreiv så søk i området. Samtidig etterlyste politiet tips frå publikum om to høge, mørkkledde menn.
– Dei to var fullstendig maskert, berre augene skal ha vist. Også skoa deira var tildekka, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Utlendingar?
Trass i at dei to var maskert, og derfor ikkje viste hud, etterlyste politiet to utlendingar.
– To høge, mørkhuda menn blei observert i forkant, gåande frå området ved Kiwi-butikken på Moberg, langs Mobergsbakken mot svingen der avkjørsla til den aktuelle bustaden er.
– Men ingen har sett dei gå inn denne vegen, så det er framleis ope, det er mogleg at dei to ikkje er mørke i huden.
Sjekker kameraopptak
Det er maskeringa og tildekkinga av skoa som får politiet til å mistenka at dette kan vera omstreifande og organiserte tjuvar.
– Ved slike tilfelle er det viktig å varsla sentralt og samanlikna med andre distrikt. Vi kjenner til liknande tilfelle i Rogaland og ein annan stad.
Politiet har blant anna varsla ferjene som går til og frå Os. Dei sjekker også digitale spor i form av kameraopptak ulike plassar i og rundt Os.
– Men det kan framleis henda at dette er lokale folk frå Hordaland.
Politiet har førebels ikkje kopla noko kjøretøy inn i saka.
Har du observert to høge menn på rundt 1,90, minst éin av dei med ryggsekk på, rundt Moberg i 14-tida onsdag? Då kan du kontakta politiet på 480 02 480.